<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Prosjektleiar UH SAK Høgskulen på Vestlandet

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering, har ledig mellombels stilling som prosjektleiar for UH SAK

Stillinga som prosjektleiar er ledig for tilsetjing frå 1. januar 2023 og har ei varigheit på 2 år.

Stillinga kan ha arbeidsstad ved eitt av høgskulen sine fem campus - Haugesund, Stord, Førde, Sogndal eller Bergen.


Om stillinga

HVL skal ta i bruk eit nytt system for sakshandsaming frå 2024. Dette representerer eit teknisk og organisatorisk skifte som har innverknad på all sakshandsaming. Sjølve systemutviklinga skjer i eit sektorsamarbeid, medan mottak og bruk er eit institusjonelt ansvar. Sakshandsamingsløysinga skal gjere automatisk arkivering mogeleg. Vår noverande arkivteneste vil vere aktiv prosjektdeltakar, og ivareta det arkivfagelege arbeidet knytt til det samla UH SAK-prosjektet.

Teknisk integrasjon vert ivareteke av faggruppe for system på IT-avdelinga. Organisatorisk integrasjon og naudsynt opplæring må koordinerast. Dette er ei stor og krevjande fagleg oppgåve, truleg det største administrative organisasjonsutviklingsprosjektet i HVL dette tiåret. Til å drive dette arbeidet arbeidet framover, både gjennom nasjonalt samarbeid med tilsvarande roller i andre UH-einingar, tett samarbeid med andre endringsprosjekt, og med superbrukarar i alle administrative einingar, søker vi prosjektleiar. Prosjektleiar vil inngå i det faglege organisasjonsutviklingsmiljøet, og rapportere til leiar for dette.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Prosjektleiar skal:

  • Ta del i nasjonalt prosjektfellesskap
  • Etablere og drive intern prosjektorganisasjon
  • Ivareta dialog med intern informasjonsforvaltningseining
  • Koordinere prosjektaktivitetar
  • Sikre framdrift
  • Informere styringslinja om ressursbehov og prosjektstatus
Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Mastergrad eller tilsvarande på relevant fagområde
  • Prosjekterfaring frå større prosjekt
  • God kjennskap til sakshandsamingsprosessar i UH-sektoren
  • God kjennskap til prosessorientert tenestedesign
  • God kjennskap til digitalisering som endringsdrivar

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, effektiv
  • Positiv kommunikasjonsform
  • Inkluderande arbeidsstil
  • God skriftleg og munnleg

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1113 -  Prosjektleiar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

Wiggo Hustad, avdelingsleiar

e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon / tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon

Anne Cathrine Nyberg, seniorkonsulent

Logg inn for å se kontaktinformasjon / tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 





Om arbeidsgiveren

Frå 1. januar 2017 blir Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) fusjonert til ein ny høgskule på Vestlandet.

Den nye høgskulen skal vere del av ein sterk UH-sektor på Vestlandet gjennom oppbygging av sterke fagmiljø i ein viktig og synleg utdannings- og forskingsinstitusjon med universitetsambisjonar. Med god forankring i dei tre nærregionane Sunnhordland/Haugalandet, Bergensområdet og Sogn og Fjordane, vil høgskulen ha ein profesjons- og arbeidslivsprofil som gjer seg gjeldande i både nasjonal og internasjonal samanheng.

Kompetansefellesskapet som fagmiljøa i den nye høgskulen utgjer, vil betre kunne svare på regionale, nasjonale og internasjonale behov for omstilling og endring. Høgskulen skal vere ein konkurransedyktig og attraktiv institusjon for studentar og fagpersonar, og vil gjennom ei digital satsing sikre effektiv informasjonsdeling og utvikle framtidsretta utdannings- og læringsfellesskap ved hjelp av ny teknologi.

Den fusjonerte høgskulen vil vere ein av landets største, med om lag 16 000 studentar og 1600 tilsette fordelt på fem studiestader - Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Hausten 2016 har eit interimsstyre med ekstern styreleiar ansvar for avgjerder som gjeld fusjonen. Frå 1.1.17 går interimsstyret over til å vere styret for den nye høgskulen, som blir samla under felles institusjonsleiing, med tilsett rektor.

Les mer om Høgskulen på Vestlandet

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 18
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 20
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 21
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 22
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
13 ledige stillinger

Se flere annonser

Nor Tekstil er landets ledende leverandør av tekstiltjenester med 26 industrivaskerier lokalisert fra nord til sør, med til sammen ca.
09.06.2025 Skien
Vil du jobbe i, og lede et dyktig Azure-team og forme fremtidens skyplattformer – samtidig som du selv vokser som
15.06.2025 Stavanger
Er du motivert for en dynamisk, utfordrende og givende karriere innen informasjonssikkerhet? Cegal er et av de mest spennende, raskt
13.06.2025 Flere steder
Ønsker du en variert og spennende rolle innen byggenæringen?
01.06.2025 Oslo
Vil du være med på reisen mot en mer bærekraftig byggenæring?
01.06.2025 Bergen
Teknisk avdeling I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
01.06.2025 Flere steder
Vil du jobbe med systemer for kartbasert vegdrift? Vi søker en ny kollega som skal hjelpe kunder på løsningen ISY Road,
05.06.2025 Flere steder
Bravida søker etter avdelingsleder for avdeling Bodø VVS. Avdelingen har ca. 35 medarbeidere og en omsetning på ca. 60 millioner
30.05.2025 Bodø
Vis alle 39.216 ledige stillinger

Fakta om Høgskulen på Vestlandet