EPJ-senteret er lokalisert i Berg-senteret på Raglamyr i Avdeling for Helsedata, og jobber ut mot alle lokasjonar i Helse Fonna. Eininga jobber for at heilheten i arbeidsprosessar skal bli ivaretatt på tvers av system. EPJ-senteret har eit fagleg ansvar for oppgåver knytt til bruk av elektronisk pasientjournal og tilhøyrande applikasjonar. Mykje av arbeidet blir gjort regionalt med tett samarbeid med dei andre helseforetaka og private helseinstitusjonar i Helse Vest. EPJ-senteret er representert i mange ulike regionale prosjekt og grupper der løysingar blir diskutert på tvers av helseforetak. Noko reiseaktivitet må påreknast.
Vi har eit veldig godt og inkluderande arbeidsmiljø og ønsker deg velkomen til å søkje!
Arbeidsoppgåver
- Optimalisering og forvalting av kliniske fagsystem
- Systemansvar for pasientdatasystem med særleg fokus på journalsystemet DIPS
- Prosjektdeltaking
- Brukarstøtte og undervisning
- Kvalitetsforbedringsarbeid
- Rapportering til styresmakter, eigar og leiing i føretaket
Kvalifikasjonar
- Sjukapleiar eller anna helsefagleg utdanning.
- Erfaring frå arbeid i sjukehus og kompetanse på dei elektroniske pasientsystema som brukes i Helse Fonna er ønskeleg
- Interesse for systemarbeid i kliniske system
- Prosjekterfaring er ein fordel
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
Personlege eigenskapar
- Må ha god struktur og kunne arbeide systematisk og nøyaktig
- Gode kommunikasjonseigenskapar, skriftleg og munnleg
- Må ha evne til å jobba sjølvstendig og i team, prioritere oppgåver og ta initiativ
- Fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Tydeleg og løysingsorientert
- Serviceinnstilt
- Evne å sjå heilskap i arbeidsprosessar på tvers av system
Vi tilbyr
- Ein interessant og utviklande arbeidsplass som har tverrfagleg kompetanse og høge ambisjonar
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver
- Moglegheit for utvikling innan eit bredt spekter av teknologi og tenester
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elin Ulsund Hansen, Funksjonsleder EPJ-senteret, Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2024
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon