Er du klar for å ta steget? I Vestland kan du sette spor frå dag éin. Her får du fort ansvar i arbeidslivet, og det er kort veg frå tanke til handling.
Som trainee i Framtidsfylket får du ikkje berre ein jobb, men også eit solid nettverk, personleg utvikling og mykje gøy!
Opplev livets traineeår i Vestland!
Som trainee gjennom Framtidsfylket får du eit unikt innblikk i ei spennande bedrift i Vestland. Traineeåret startar i august, og du får bruke utdanninga di i ei verksemd som set pris på kompetansen du kan by på. Gjennom fire traineesamlingar og ein utanlandstur får du eit tett og godt samhald med resten av traineekullet. Du blir kjent med det mangfaldige næringslivet i fylket og ikkje minst: du får minne for livet.
Felles krav til alle som søkjer Framtidsfylket Trainee:
- Fullført bachelor- eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Vi gleder oss til starten på 2023 for å publisere neste års traineestillingar 🤩
Lurer du på korleis det er å vere trainee? Her har du svar på ofte stilte spørsmål.
Har du spørsmål?
Ikkje nøl med å kontakt oss!