Det er ledig åremål som
DRAMATURG i 100% stilling
frå 01. oktober 2019 til 01. mars 2021, med moglegheit for forlenging.
Det Norske Teatret legg særleg vekt på samtidsdramatikk, både når det gjeld å utvikle nye nynorske skodespel og når det gjeld å presentere sentrale internasjonale scenetekstar. Teateret tar sikte på å styrke det internasjonale arbeidet gjennom samproduksjonar og gjestespel i utlandet i åra som kjem. Innsikt og erfaring frå internasjonal samtidsscenekunst er ein fordel.
Vi søker etter ein medarbeidar med universitetsutdanning på masternivå eller tilsvarande innanfor relevante fagområde (dramaturgi, teatervitskap, språkfag, litteratur osb.). Du må ha røynsle innanfor praktisk teaterarbeid og vere i stand til å forstå dei krav samtidsteateret stiller til scenetekstar og dramaturgi.
Vidare må du kunne rettleie og følgje opp arbeidet med heilt nye tekstar frå idé til produksjon. Dette krev evne til sjølvstendig arbeid, at du kan analysere prøveframdrift og ha god kunstnarleg dømmekraft.
Du bør dessutan kunne dokumentere eiga kunstnarleg verksemd innanfor tekst, omsetjing eller liknande. Nynorsk er arbeidsspråket på DNT, og for ein dramaturg betyr det meistring på eit nivå der ein kan rettleie og rette.
Adresse: Kristian IV's gate 8,0164 Oslo