Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Er du vår nye medarbeider sesongen 2019? Me søker deg som kan tenke deg ein variert jobb på ei turisthytte i høgfjellet. På Geiterygghytta jobbar me tett saman, men med varierte oppgåver. Arbeidet består av servering, reinhald, betening av kiosk og kafe og kjøkkenteneste. Du møter mange hyggelege fjellfolk kvar dag, og me set pris på at du bidreg til å ta godt imot gjestene våre.
Det er ein fordel om du kan jobbe både vinter- og sommarsesongen. Vintersesong frå mars- mai. Sommarsesong frå medio juni til slutten av september.
Du må meistre skandinavisk språk, og vere over 20 år. Du bur på staden.
Den DNT-eigde Geiterygghytta ligg idyllisk til i Skarvheimen like inntil grensa av Hallingskarvet nasjonalpark. Hytta har 88 sengeplassar. Det er 4-5 tilsette i tillegg til vertskapet. Hytta ligg 5 km frå fv. 50 Hol- Aurland.
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.