Prosjektleiar
Om stillinga
Som Prosjektleiar for vedlikehaldsprosjekt er dei fleste oppgåvene dine knytt til veg og tunnel. Hovudoppgåva vil vera styring og koordinering av tiltak/prosjekt som skal utførast av vedlikehalds seksjonen. Du vil leia prosjekta og byggherrebemanninga knytt til desse, og ikkje minst finna strategiar for å gjennomføra dei enkelte tiltaka på mest mogleg effektiv måte. Vidare skal du bidra til styring og utvikling av seksjonen saman med seksjonsleiar og dei andre prosjektleiarane.
Stillinga er plassert i avdeling Drift og Vedlikehold vest, seksjon vedlikehald 1. Og har kontorplass Leikanger, Førde eller Nordfjordeid. I hovudsak vil prosjekta tilhøyrande denne stillinga liggja i gamle Sogn og Fjordane fylke, men heile avdelingsområdet kan vera aktuelt for prosjekt å styra.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar vil du arbeida tett saman med seksjonsleiar, prosjektleiarar, byggjeleiarar, og kontrollingeniørar på seksjonen. Du vil og vera jamleg i kontakt med andre i vegvesenet, entreprenørar, offentlege etatar, grunneigarar, media, og andre som blir påverka av driftsoppgåvene. Prosjektleiar for vedlikehaldsprosjekt rapporterer til seksjonsleiar.
De mest sentrale arbeidsoppgåvene vil være:
Bidra til at dei enkelte tiltaka og prosjekt blir gjennomførte som planlagt.
HMS/SHA/YM fokus: Være aktiv og leggja til rette for at kontraktane er i front på fagområda.
Sikre leveranse: Gjennom byggherre-organisasjonen følgje opp kontraktane med fokus på HMS, kvalitet, økonomi og framdrift.
Ansvarlege for rapportering, oppfølging og dokumentasjon i samarbeid med byggjeleiing.
Samordne og koordinera oppfølginga av kontraktane våre.
Fagleg leiing og rettleiing av byggjeleiarar og kontrollingeniørar.
Oppfølging og ajourføring av økonomi, som budsjett, prognosar og rekneskap for porteføljen.
Det må påreknast noko reiseverksemd.
Kompetansekrav
Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning
Du må ha førarkort klasse B
Du må ha nødvendige IT-ferdigheiter
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Du meistrar elektronisk verktøy for oppfølging og rapportering
Det er òg ein fordel om du har:
Kunnskap og erfaring om bygging, drift eller vedlikehald av samferdselsanlegg
Erfaring frå arbeid med tunnel
Erfaring frå byggje- og prosjektleiing.
Det er ønskjeleg med erfaring med kontrakts arbeid for samferdselsanlegg, og erfaring med byggje- og/eller prosjektleiing.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå NOKUT (www.nokut.no).
Personlege eigenskapar
Du må kunna arbeida sjølvstendig og vera løysingsorientert
Evne til å få folk med deg, gi retning og motivera folka du samarbeid med
Evne til å ta initiativ og vera resultat og gjennomføringsorientert
Du har gode samarbeidsevner og må kunna bidra til eit godt arbeidsmiljø
Føler du at skildringa over treffar deg, så ønskjer me at du tek kontakt. Me kan lova deg mange spennande arbeidsoppgåver og eit levande og godt arbeidsmiljø som er i utvikling.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
fleksitid og gode ordningar for å avspasere
god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta kontakt for ein hyggjeleg prat med seksjonsleiar Jens-Ivar Nilsen på telefon 95131344.