Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon46 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for fartøy og sjøfolk fører tilsyn med at norske skip og reiarlag held høg standard får det gjeld tryggleik og miljø. Gjennom kontinuerleg utvikling av reglar, informasjon og haldningsskapande arbeid, samt oppfølging med tilsyn, vert det arbeidd for å betre tryggleiken på sjøen.
Underavdeling passasjerskip er ei av sju einingar i Avdeling for fartøy og sjøfolk. Saman med dei andre fartøyavdelingane (Fiskefartøy, Lasteskip og Flyttbare innretningar) kontrollerer Passasjerskip dokumentasjon som vert sendt inn ved bygging, ombygging, innflagging og drift av skip. I den samanheng har avdelingane mykje kontakt med konsulentar, verft og reiarlag. Arbeidet er variert og rettar seg mot både tradisjonelle design og prosjekt med ny teknologi. Avdelingane er også aktive i internasjonalt arbeid, spesielt i IMO.
Fartøyavdelingane har eit overordna ansvar for å føre tilsyn med dei ulike typane fartøy. Inspeksjonar vert utført av dei lokale kontora til direktoratet og delvis av anerkjende klasseselskap eller godkjende føretak.
Utlysinga omfattar ei fast stilling hovudsakleg knytta til fagområdet brann. Tiltreding snarast.
Arbeidsoppgåver
- Yte service til næringa
- Fagleg oppfølging av verksemder med delegert mynde
- Kontroll av dokumentasjon på fartøy under bygging, ombygging og innflagging
- Utvikling av regelverk på fagområdet, både nasjonalt og internasjonalt
- Bidra til å vurdere risiko og bestemme fokus i vårt kontrollarbeid
- Avhengig av direktoratet sine fokusområder og behov, vil deltaking i nasjonale og internasjonale forum vere aktuelt
- Delta i prosjekt rundt teknologiar knytta til det grøne skiftet
Kvalifikasjonar
- Ingeniør / sivilingeniør innan fagområdet brann- og eksplosjonsvern, marin teknikk eller maskinistutdanning, i kombinasjon med relevant erfaring,
- Erfaring frå prosjektering, utvikling eller operasjon av ny teknologi for framdrift er ønskeleg
- Erfaring frå offentleg sektor / klasseselskap er ønskeleg
Personlige eigenskaper
- Evne til å sette seg inn i nye tekniske og operasjonelle utfordringar
- Kundeorientert, løysings- og resultatorientert, sjølvstendig og ansvarsmedviten, systematisk og nøyaktig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode analytiske evner og gode framstillingsevner på norsk og engelsk
- Vi vektlegg om søkar er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
Eit godt og utviklande arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. Fleksibel arbeidstid, gode avspaseringsordningar og betalt overtid.
Stillinga vert avlønna som overingeniør med kr 472.000 - 573.000,- brutto i året eller senioringeniør med kr 532.300 - 679.500,- brutto i året, avhengig av kvalifikasjonar og røynsle.
For meir informasjon om kva Sjøfartsdirektoratet kan tilby, sjå under "Jobb hos oss" på våre nettsider. Sjøfartsdirektoratet er oppteken av mangfold og oppmodar alle kvalifiserte søkarar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsgrad, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd, som kan legge til rette forholda for søkarar med særskilde behov.
Kontaktinformasjon
Sonja Hillersøy, Underdirektør, Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidssted
Smedasundet 50A
5528 Haugesund
Søk på stillingen:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Sjøfartsdirektoratet
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon46Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 26.01.2020