Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon86 Presentasjon av stillingen:
Helse-Bergen HF, Ortopedisk klinikk, Kysthospitalet i Hagevik sengepostar har ledig fast stilling for sjukepleiar. Stillinga er i 75% og er i 3-delt turnus.
Kysthospitalet i Hagavik er ei avdeling i Ortopedisk klinikk og er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Sjukehuset ligg i flotte omgjevnader i Os kommune. Sengeavdelinga har inntil 30 senger fordelt på 2 etasjer, kor ein etasje er 5-døgnspost. Personalgruppa består av både sjukepleiara, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar og postsekretær. Vi har eit triveleg arbeidsmiljø med lav turnover.
Då ein av våre flotte sukepleiara går over i anna stilling internt i sengeposten, er det moglegheit for snarlig tiltreding i den ledige stillinga.
Helse Bergen ønskjer som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønskjer full stilling, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dag/kveldsvakter om ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Pre-og post operativ sjukepleie til ortopediske pasientar
- Pasientoppfølging
- Tverrfagleg samarbeid
- Undervising, individuelt og til grupper
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Det er ønskje at du har kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT system
- Det er ønskje om at du har erfaring innanfor medisinsk og /eller kirurgisk sjukepleie
Personlege eigenskapar
- Positiv og bidra til eit fagleg og kollegialt miljø
- Løysingsorientert og fleksibel
- Behandla pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
- Kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande, studentar/elevar og kollegaer
- Ha god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø og like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Eit meiningsfyllt arbeid som gjev personleg utvikling
- Relevant opplæring
- Høgt fagleg nivå
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
- IA -bedrift
Kontaktinformasjon
Mona Lyssand, ass.avd.sjukepleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Lisbeth Hjertholm Rød, Avdelingssjukepleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon86
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2020