Alver er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjararog 2.500 tilsette. Kommunen vår ligg nord for Bergen, og har ein spennandeog variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde.Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik liggom lag 30 minutt med bil frå Bergen sentrum, og har god kollektivdekningmed både buss og båt. For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene våre,treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve atarbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.
Ved tenesteområdet Eigedomsforvalting er det ledig stilling som juridisk rådgjevar
Tenesteområdet ligg under sektor Teknisk forvaltning og drift og har ansvar for forvaltning av heile eigedomsmassen til Alver kommune. Det gjeld både bygningsmasse, areal, veg-, vatn-, og avløpsanlegg. Tenesteområdet er sett saman av avdelingane Bygg, areal og grønt, Samferdsle, veg og VA, Bustadkontoret og Utbygging og avtalar.
Ved avdeling for Utbygging og avtalar er det ledig stilling som juridisk rådgjevar i 100% stilling. Arbeidsstad er kommunehuset på Frekhaug. Tiltreding snarast mogleg.
Vi søker ein kollega med kompetanse innan eigedom og avtalerett som har interesse for kommunesektoren. Som del av eit tenesteområde på 21 personar vil du få høve til å jobbe tverrfagleg og delta i eit breitt spekter av prosessar. Arbeidet vil både vere sjølvstendig og i nært samarbeid med andre kollegaer på tenesteområde og i andre sektorar. Du vil også ha mykje kontakt med eksterne samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver
- Kjøp og sal av eigedom
- Grunnerverv
- Forhandling av utbyggingsavtalar og realiseringsavtalar
- Utarbeide avtalar på vegne av tenesteområdet
- Forvalte avtaleportefølgjen til tenesteområdet
- Sakshandsaming i eigedomsrettslege spørsmål
- Utarbeide politiske saker
- Bistå til forvaltning og utvikling av kommunen sine eigedommar
- Gje juridisk bistand på tvers av avdelingane i tenesteområdet
- Delta i prosjektgrupper for utbyggingsoppgåver
Kompetansekrav
Du har:
- Master i Rettsvitenskap eller juridisk embedseksamen
- Relevant arbeidserfaring
- Erfaring frå arbeidsområda som oppgåvene omfattar
Personlege eigenskapar:
- Vi leitar ein dyktig jurist med evne til å setje deg inn i juridiske problemstillingar
- Du er målretta og har god evne til å planlegge og gjennomføre
- Du er tydeleg og kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg på nynorsk og bokmål
- Du er engasjert, fleksibel og omgjengeleg med gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande og vareierte arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg og profesjonelt miljø med gode kolleger
- Gunstig pensjons- og forsikringsordninger
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale.
Søknad sendast
Alle søknader vert å senda elektronisk via vår heimeside www.alver.kommune.no
Søknadsfrist 08.10.2020Utlyst dato 21.09.2020Vår ref.
Kontaktperson
Line M Valle, Tenesteleiar eigedomsforvaltning, mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Adresse: 5914 Isdalstø