Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon36 Presentasjon av stillingen:
NAV har som overordna mål å gje menneske muligheiter til arbeid og aktivitet. I partnarskap med kommunane er det etablert NAV-kontor over heile landet.
Sula kommune har nær 9000 innbyggarar, og ligg ein kort køyretur frå Ålesund. Det går også snøggbåt over sundet til Ålesund. Sula har flotte tur og rekreasjonsområde. Ved NAV Sula er det 17 stillingar fordelt på statleg og kommunale tenester.
Sula kommune og NAV Møre og Romsdal søker i fellesskap etter leiar til NAV Sula.
Å være leiar i NAV inneberer at du må setje arbeids- og velferdspolitikken ut i livet ved å skape resultat gjennom andre. Dette betyr at du må ha god forståing av lover og rammer i statlig forvaltning slik at dine tilsette gjennom di leiing omset politiske føringar til riktige tenester og ytingar for brukarane samtidig som dei ivaretek det statlege arbeidsgivaransvaret. Du skal som leiar i Arbeids- og velferdsetaten utøve god personalleiing. Arbeids- og velferdsetaten skal drive kunnskapsbasert leiing som ser, involverer, viser tillit og omsorg, delegerer og legg til rette for at medarbeidarane utviklar seg.
Arbeidsoppgaver
- Faglig og administrativt ansvar
- Personal-, budsjett- og resultatansvar for oppgåvene som er lagt til NAV Sula
- Syte for nært samarbeid og gode relasjonar med ulike aktørar som for eksempel helsetenester, næringsliv, skule og lokalsamfunn
- Kompetanseutvikling i eininga i samarbeid med NAV Møre og Romsdal og fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Ivareta oppgåver for Arbeids- og velferdsetaten og kommunen sine oppgåver etter lov om Sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Arbeids- og velferdsetaten og kommunen kan avtale at andre av kommunens tenester skal inngå i eininga
- Rapportere til fylkesdirektøren i NAV Møre og Romsdal og rådmannen i Sula kommune
Kvalifikasjoner
- Minimum 3-årig utdanning frå høgskule og/eller universitet, særleg relevant leiarerfaring kan kompensera for utdanningskravet
- Leiarpraksis frå offentleg eller privat verksemd
- Erfaring med omstillingsarbeid og organisasjonsutvikling
- Leiareigenskapar i tråd med etatens verdiar og leiarkrav
- God kunnskap om offentleg verksemd
- God kunnskap om og forståing av NAV sitt samfunnsoppdrag, herunder både statlege og kommunale tenester som ligger til eininga.
- Evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt
- Førarkort klasse B
Personlige egenskaper
- Evne til å motivere dine tilsette gjennom å skape eigarskap og engasjement
- Evne til å prioritere i ein hektisk kvardag
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Evne til å ta sjølvstendig initiativ med fokus på oppdrag og oppgåveløysing
- Erfaring med prosjektarbeid og gjerne prosjektleiing
- Er tydeleg og strukturert
- Er inkluderande og understøttande for eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette
Vi tilbyr
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- aktive og engasjerte kollegaer og tilsette
- stilling som kontorsjef kode 1054
- lønnsspenn kr. 640 200 -- kr. 723 200
- tilsetjing på statlige vilkår
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Stein Atle Veland, direktør NAV Møre og Romsdal, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Kjetil Fylling, kommunalsjef Sula kommune, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidssted
Fyllingsvegen 11
6030 Langevåg
Søk på stillingen:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon36
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2020