Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon70 Presentasjon av stillingen:
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Seivika-Tømmervågen, om bord på vår nye flotte el-ferge MF Tustna.
Skiftordning: 2 veker på (1 veke dag / 1 veke natt) og 2 veker av.
Søkjar må bu lokalt.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D3 sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- ECDIS kurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Torill Vestad, Bemanningskoordinator, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
6590
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASA
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon70
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2021