<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Logoped MORK REHABILITERINGSSENTER, Helse Møre og Romsdal

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda/Ørsta og Mork Rehabiliteringssenter. Her kan du oppleve dei ville og vakre Sunnmørsalpane, med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.

Mork Rehabiliteringssenter har no ledig ei 80% fast stilling som logoped, til denne stillinga søker vi deg som brenn for rehabilitering og som ynskjer å jobbe tverrfagleg i eit godt arbeidsmiljø.

Mork Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal. Vi legg vekt på rehabilitering med ei tverrfagleg tilnærming og høg fagleg kompetanse som byggjer på samhandling med pasient, pårørande og omgjevnadane.

Vi har 18 døgnplassar og gir tilbod om rehabilitering til pasientar med komplekse funksjonsvanskar. Aktuelle diagnosegrupper er hjerneslag, erverva hjerneskadar, multitraumer, følgjetilstandar etter kreft, nevrologiske lidingar og andre med behov for spesialisert rehabilitering.Rehabiliteringssenteret dekker eit stort geografisk område og tek imot pasientar frå sjukehusa og frå kommunane i Møre og Romsdal.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, undersøking, behandling og rettleiing av pasientar som har vanskar med tale, språk, språklige symboluttrykk, stemme eller svelg
  • Samordne tiltak i behandlinga, i samarbeid med andre faggrupper, familie og spesialisthelsetenesta
  • Samarbeide med aktuelle hjelpeinstansar, t.d. hjelpemiddelsentralen, afasiforeininga og logopedar i kommunane
  • Arbeid i grupper både med pasientar og pårørande
  • Medverke til fagleg utvikling innan eige fagfelt og i dei andre faggruppene, m.a. ved å delta på internundervisning, kurs etc.

Kvalifikasjonar

  • Master i logopedi
  • Ønskjeleg med relevant jobberfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Må kunne arbeide sjølvstendig, men samstundes fungere godt i tverrfagleg samarbeid. 
  • Dyktig til å samarbeide, motivere og skape gode interne og eksterne relasjonar 
  • Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid 
  • Løysingsorientert og positiv

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar innan rehabiliteringsfeltet
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit særs godt tverrfagleg rehabiliteringsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Anita Myklebust Nybø, Seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon / Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidssted

Rydet 16
6105 VOLDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon68Stillingsprosent: 80%FastStartdato: 08.08.2022Søknadsfrist: 31.05.2022



Om arbeidsgiveren

Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.

Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Les mer om MORK REHABILITERINGSSENTER, Helse Møre og Romsdal

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Er du eller kjenner du en dyktig klipper? Vi søker nemlig etter en videoklipper!
31.03.2026 Flere steder
Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
11.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
11.05.2025 Ålesund
Har du lyst til å jobbe i en organisasjon som har som uttalt mål at alle pasienter skal oppleve service
Snarest Tromsø
Vil du ha sommerjobb hos Norges ledende selskap innen vaskeri- og tekstiltjenester? Vi er den eneste landsdekkende aktøren i vår
01.06.2025 Kristiansand
Vil du bidra med din kompetanse til vårt automasjonsmiljø?
25.05.2025 Tromsø
Er du klar for å bidra til å skape smarte, tekniske løsninger for fremtidens bygg? #TeamGK
25.05.2025 Skien
Vil du også bli en del av Norges største byggautomasjonmiljø?
Fortløpende Flere steder
Vis alle 28.442 ledige stillinger

Fakta om MORK REHABILITERINGSSENTER, Helse Møre og Romsdal