BJørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldrive klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelsetenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland; til saman 78 000 vaksne. Bjørgvin DPS har 150 årsverk og eit budsjett på 145 millionar kroner for 2020.
Klinikken er delt inn i to fagområde; fagområde allmennpsykiatri og fagområde psykose. Fagområde allmennpsykiatri består av to poliklinikkar, ein i Knarvik og ein på Tertnes. I tillegg har vi seksjon eMeistring som gir internettbasert behandling til pasientar med angst og depresjonslidingar, og seksjon C1 som er ein døgnseksjon med 15 sengeplassar. C1 består av både 7 døgns- og 5 døgnssenger.
I samband med at ein av våre helgevakter sluttar lyser vi ut etter assistent i 14% vikariat på helg ved seksjon C1. Turnusen inneber arbeid pt. kvar 3 helg.
Utover dei faste arbeidshelger er det ynskjeleg med fleksibilitet i forhold til jobbing i vekedagene.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølgning
- Praktiske oppgåver i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Interesse for å jobbe med menneske
- Gjerne student innan helsefag
- Moglegheit for å jobbe ekstra i feriar og høgtider
- Må meistre Norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Engasjert
- Pliktoppfyllande
- God teamarbeidar
Vi tilbyr
- Spennande og triveleg arbeidsplass
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Frode Markhus, Seksjonsleiar,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Tertnesveien 37
5113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse BergenReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon55Stillingsprosent: 14%VikariatStartdato: 22.08.2022Sluttdato: 31.12.2022Søknadsfrist: 17.08.2022