Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Blir du motivert av å jobbe med menneskjer? Har du trua på at alle menneskjer, på tross av ulike utfordringar kan få og behalde ein jobb? Inkluderingskontakten skal jobbe for at fleire unge uføretrygda i Øygarden Kommune kan få tilbod om ein varig tilrettelagt arbeidsplass i ei ordinær verksemd. Stillinga er organisert under Avdeling Integrering og Jobbstøtte i NAV Øygarden. Avdelinga har ca 20 tilsette og inkluderingskontakten blir ein del av fagmiljøet til jobbspesialistane.
Arbeidsoppgåver:
- Rettleie og gje bistand til einingar som har tilsette i varig tilrettelagt arbeid
- Følgje opp unge uføre som ynskjer eller har fått ein varig tilrettelagt arbeidsplass
- Jobbe for å skaffe fleire varig tilrettelagde arbeidsplassar i kommunen
- Samarbeid med andre tenester for å sikre eit heilskapleg tilbod
- Gje informasjon og marknadsføre tilbodet til aktuelle kandidatar.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Minimum 3- årig utdanning på høgskule eller universitetsnivå innan helse, sosialfag eller samfunnsfag.
Ønskjeleg med:
- Kunnskap om metodikken Supported Employment (SE)
- Utdanning innan Arbeidsinkludering
Personlege eigenskapar:
- Ha evner til og interesse for å motivera, engasjera og byggje relasjonar
- Initiativrik, uredd og ha god gjennomføringsevne
- Ha vilje og «indre driv» og motivasjon til oppsøkjande verksemd.
- Evne til å jobbe strukturert og ryddig, kunne samarbeide med andre, evne til å forstå mennesker. Ein bør ha erfaring med å jobbe innanfor fleire datasystem og aller helst erfaring frå arbeid i NAV.
Anna:
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Fungerande avdelingsleiar Kari Solevåg Karlsen
Mail:
Tlf: 454 35 302
NAV leiar, Nina- Susanne Andersen
Mail:
Tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon