<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

100 % stillingar som miljøterapeut Fast og midlertidig. Kasa ungdomssenter, Bufetat

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Ein god barndom varar livet ut. Vi ser etter miljøterapeutar med stort engasjement for ungdom.

I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Hos oss møtar du ein arbeidskultur prega av openheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låsar deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønsker vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.Kasa ungdomssenter er ein statleg omsorgsinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi har fem avdelingar i Bergen og omkrins, med 3 eller 4 plassar på kvar. Kasa skal gjennom traumebevisst omsorg etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling.Stillinga som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar.

For tida har Kasa Morvik ledig 1 fast 100 % stilling som miljøterapeut, samt 1 vikariat i 100 % stilling med varigheit ut 2024, med moglegheit for forlenging. Stillingane er ledig frå snarast. Vi søker etter engasjerte og trygge vaksne som kan ivareta ungdomane. Hovudansvaret vil vere å bidra til å skapa ein trygg kvardag for ungdommane. Det kan også vere moglegheiter for andre ledige vikariat ved dei andre avdelingane i eininga.

Med unntak frå Kasa Sandsli, nyttar Kasa ungdomssenter seg av Målstyrt Miljøterapi som metode i arbeidet med ungdomane.Kasa har for tida langturnus (2-7, 2-7, 3-7) på fire av avdelingane. Kasa Sandsli har todelt turnus. Det må påreknas turnusendringar.Søknadar vil bli fortløpande behandla, og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkarar som ikkje har kvalifikasjonar i tråd med krav, vil ikkje bli vurdert.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid med fokus på traumesensitiv tilnærming.
  • Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom.
  • Legge til rette for, og delta i tett samarbeid med barneverntenesta, samarbeidspartar som skule, BUP og andre som er i kontakt med ungdommen
  • Legge til rette for, og delta i tett samarbeid med føresette
  • Journal- og dokumentasjonsansvar.
  • Praktiske gjeremål i avdelinga.
  • Hovudkontaktansvar.
  • Ha ekstra ansvarsområder innafor blant anna tryggleik, helse, skule, familie, kartlegging, brannvern, motiverande intervju/samtale  med meir.

Kvalifikasjonar

Krav

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.  
  • Søkjare med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.  
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • God kjennskap i bruk av IT-verktøy
  • Sertifikat kl. B.

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Det er ønskeleg at du har kjennskap til Rettigheitsforskrifta, Traumebevisst omsorg samt målstyrt miljøterapi.

KASA ungdomssenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig.

Personlige eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har gode evner til å bygge relasjonar.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Er løysningsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
  • Er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
  • Har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
  • Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
  • Har god fysisk og psykisk helse.

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.  

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut,  p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200- 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.

Opplysningar til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til KASA ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Sandra Helen Østrem Bartz, Avdelingslder, Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidssted

Solheimsgaten 11
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat Referansenr.: Logg inn for å se kontaktinformasjon78 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Startdato: 01.04.2024 Søknadsfrist: 25.02.2024

Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Les mer om Kasa ungdomssenter, Bufetat

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Elvia har valgt oss som leverandør, og vi har mange spennende prosjekter og oppgaver som skal løses. Det betyr at
15.05.2025 Flere steder
Vi utvider våre team i Drammen/Hokksund/Kongsberg, og søker energimontører! Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Vi
21.05.2025 Flere steder
Vi utvider våre team i Stokke, og søker energimontører! Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Vi
22.05.2025 Sandefjord
Vi utvider vårt team i Hokksund, og søker energimontører! Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Vi
22.05.2025 Øvre Eiker
Vi søker en dyktig og engasjert regnskapskonsulent Nettpartner er en av Norges største entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Som vår nye
Snarest Oslo
Vi har store ambisjoner i nord, og nå søker vi elektrikere til vår avdeling i Troms! I avdelingen i dag
25.05.2025 Tromsø
As a Primary Engineer at Hitachi Energy, you will play a crucial role in the electro-mechanical design of high-voltage substations
20.05.2025 Oslo
StillingCOWI er et internasjonalt rådgivende ingeniørselskap med rundt 1200 medarbeidere i Norge og regnes som ledende aktør innen samferdselssektoren. Transport
30.04.2025 Oslo
Vis alle 38.190 ledige stillinger

Fakta om Kasa ungdomssenter, Bufetat