<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Er du mellom 16-18 år og vil ha sommerjobb i Voss herad? Voss herad Sommarjobb, felleslysing oppvekst og helse omsorg

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Prosjekt sommarjobb 2024

Voss herad vil i sommar gje tilbod om sommarjobb for ungdom mellom 16 og 18 år

Denne satsinga kjem som svar på innspel frå Ungdomsrådet. Ungdomsrådet såg det svært vanskeleg for ungdom under 18 år å få sommarjobb derfor vil no Voss herad gjennom eit samarbeid mellom fleire kommunalområder gje ungdom moglegheit for arbeid i sommar.

Me har planlagt fylgjande: Det vil bli lagt til rette for at me tilset ungdommar i fleire tenesteområde. I fyrste omgang vil det bli tilsetjingar i omsorgstenesta/sjukeheimane, oppvekst/barnehagane og kultur. Oppstart er rett etter skuleslutt og med varigheit på omlag 3 veker.

Ved søknad ynskjer me at de prioriterer kva avdeling de ynskjer arbeid på.

Sommarjobb i helse og omsorg

Helse og omsorg er ein spanande, trygg og allsidig arbeidsplass. I sommar ynskjer me å tilby arbeid for deg mellom 16-18. Er du mellom 16-18 år kan me i sommar tilby deg jobb som servicevert i våre sjukeheimar og omsorgsbustader. Her bur det eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Me ynskjer deg som er pliktoppfyllande, blid og motivert og har lyst til å bidra til ein god dag for bebuarane i sjukeheim og omsorgsbustader.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

  • Skapa hygge og aktivitet, lesa avisa, gå tur, syngja og spela visst du kan, eller spela spel og finna på andre kjekke aktivitetar med bebuarane.
  • Hjelpa personar i måltid
  • Kjøkkenarbeid som å laga frukost og rydda , vaska opp
  • Fylla på varer frå lager
  • Aktuelle arbeidsplassar er: Voss sjukeheim, Vossestrand omsorgstun, Vetleflaten omsorgssenter, Udlabu omsorgsbustader, Granvin sjukeheim.
  • Sommarjobben varer i 3 veker mellom veke 26-33, arbeidstid er 5 timar på kvardagar.

Søknad

  • Skriv litt om deg sjølv
  • Kvifor ynskjer du sommarjobb?
  • Kva veker ynskjer du å arbeida? (gjerne to alternativ)
  • Kva arbeidsoppgåver kan du tenkja deg?
  • Kva arbeidsplass kan du tenkja deg? Prioriter frå 1,2 osv dersom du kan tenkja deg fleire plassar


Sommarjobb i barnehage

Det er 11 kommunale barnehagar i Voss herad. I Vossabarnehagen er ein opptatt av å skapa kvalitet og gode relasjonar i møte med barn, foreldre og tilsett.
Er du interessert i å  jobb som sommarvikar i barnehage i tida frå 24. juni til 14 juli.  (uke 26, 27 og 28) Alle kommunale barnehagar har sommarstengt i veke 29 og 30.Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

  • Hjelpa til med daglegdagse gjeremål som måltid, påkleding og stell
  • Vera ein god leikekammerat og vera med i ulike aktivitetar.

Søknad

  • Skriv litt om deg sjølv
  • Kvifor ynskjer du sommarjobb?
  • Kva veker ynskjer du å arbeida? (gjerne to alternativ)
  • Kva arbeidsoppgåver kan du tenkja deg?
  • Kva arbeidsplass kan du tenkja deg?

Sommarjobb i kultur og fritid

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

  • datahjelp for seniorar i biblioteket
  • hjelpa til med oppgåver i biblioteket, kinoen og kulturhuset

Sommarjobben varar i 3 veker, arbeidstid er 5 timar på kvardagar

Søknad

  • skriv litt om deg sjølv
  • kvifor ynskjer du sommarjobb?
  • kva veker ynskjer du å arbeida? (gjerne to alternativ)


Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Søk på sommarjobb ved å trykka på knappen oppe til høgre, der det står "søk her".


Link til søknadsskjema:

Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande Les mer om Voss herad Sommarjobb, felleslysing oppvekst og helse omsorg

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Nor Tekstil er landets ledende leverandør av tekstiltjenester med 26 industrivaskerier lokalisert fra nord til sør, med til sammen ca.
09.06.2025 Skien
Vil du jobbe i, og lede et dyktig Azure-team og forme fremtidens skyplattformer – samtidig som du selv vokser som
15.06.2025 Stavanger
Er du motivert for en dynamisk, utfordrende og givende karriere innen informasjonssikkerhet? Cegal er et av de mest spennende, raskt
13.06.2025 Flere steder
Ønsker du en variert og spennende rolle innen byggenæringen?
01.06.2025 Oslo
Vil du være med på reisen mot en mer bærekraftig byggenæring?
01.06.2025 Bergen
Teknisk avdeling I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
01.06.2025 Flere steder
Vil du jobbe med systemer for kartbasert vegdrift? Vi søker en ny kollega som skal hjelpe kunder på løsningen ISY Road,
05.06.2025 Flere steder
Bravida søker etter avdelingsleder for avdeling Bodø VVS. Avdelingen har ca. 35 medarbeidere og en omsetning på ca. 60 millioner
30.05.2025 Bodø
Vis alle 37.503 ledige stillinger

Fakta om Voss herad Sommarjobb, felleslysing oppvekst og helse omsorg