Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
KF Innvandrarsenteret i Flora søker etter vikar for driftsansvarleg i 100 % stilling, i første omgang ut 2013. Stillinga høyrer til i staben på Solbakken asylmottak. Arbeidet går i hovudsak ut på å drive HMSarbeid og innkjøp, samt vere ansvarleg for innvendig og utvendig vedlikehald av mottaket sine bygningar.
Det er òg tenkt miljøarbeid blant bebuarane knytt opp mot dagleg vedlikehald. Arbeidet er på dagtid, noko arbeid om ettermiddag/kveld kan påreknast. Vi søker ein person med røynsle frå HMS-arbeid, innkjøp og generelt vedlikehald. Førarkort for bil er nødvendig. Du må vere positiv, målretta og resultatorientert, kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og initiativrik og ha gode kommunikasjonsog samarbeidsevner.
Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit travelt arbeidsmiljø. Vi tilbyr også god intern og ekstern opplæring. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Lønn etter avtale. Søknad med cv må registrerast elektronisk på www.flora.kommune.no innan måndag 9. september. Kopi av attestar og vitnemål skal sendast til Solbakken Asylmottak, Markegata 51, 6900 Florø, etter nærare avtale. Den som blir tilsett, må levere politiattest av nyare dato. For å møte UDI sine krav om kjønnsfordeling i personalgruppa, oppfordrar vi menn til å søke på stillinga. Fleire opplysningar hos mottaksleiar Arild Hellesen, mobil 415 34 962. E-post: postmottak@flora.kommune.no- www.flora.kommune.no - Informasjon og service 57 75 60 00 - Markegata 51, 6900 Florø
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.