6 mnd vikariat for LIS-lege i ortopedisk kirurgi, Nr.ID 5136 - Ortopedisk klinikk, Kysthospitalet i Hagevik
Det er frå 01. februar 2014 ledig 6 mnd vikariat i ortopedisk kirurgi for lege under spesialisering (gruppe I teneste), Nr.ID. 5136 med moglegheit for forlenging.
Helse Bergen HF/Ortopedisk klinikk innkluderar Ortopedisk avdeling og Avdeling for ortopedisk rehabilitering ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. Sjukehuset har sengepost med 40 senger, og 4 operasjonsstover.
Stillinga er et vikariat i en 4- årig og i rotasjon ved Kysthospitalet i Hagevik (KIH), og Ortopedisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samt Haraldsplass Diakonale Sjukehus, etter plan. Dette 6 mnd vikariatet vil være ved Kysthospitalet i Hagevik.
Avdelingsoverlegane ved dei respektive avdelingane er ansvarlege for det faglege innhaldet i tenesta, og planlegging av legen sin individuelle utdanningsplan. Det vert gitt separat attest frå kvar tenestestad.
Avdelingane er tilknytta Det Medisinsk Fakultet, Institutt for kirurgiske fag ved UIB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervising etter nærmare avtale.
Arbeidssted:
- Kysthospitalet i Hagevik,
5217 Hagavik - Helse Bergen, Os
Arbeidsoppgaver:
- Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan
Utdanningsnivå:
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Utdanningsretning:
Kvalifikasjoner:
- Må ha relevant medisinsk utdanning
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Egenskaper:
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Beslutningsdyktig
- Fleksibel
- Engasjert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr:
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Andre opplysninger:
- Stillingsbrøk: 100%
- Vikariat
- Tal på stillingar: 1
- Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 03.02.2014
Kontaktperson(er):
Sjukehussjef / Avdelingsoverlege Kari Indrekvam, tlf. 56565800
For fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]