Nr.ID 5136 - Kysthospitalet i Hagavik
Det er frå 01. september 2014 ledig 6 års stilling i ortopedisk kirurgi for lege i spesialisering, Nr.ID. 5136.
Helse Bergen HF/Ortopedisk klinikk innkluderar Ortopedisk avdeling og Avdeling for ortopedisk rehabilitering ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. Sjukehuset har sengepost med 40 senger, og 4 operasjonsstover.
Stillinga er i rotasjon ved Kysthospitalet i Hagevik (KIH), og Ortopedisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samt Haraldsplass Diakonale Sjukehus, etter plan. Denne stillinga startar med teneste i 18 månedar ved Kysthospitalet i Hagevik.
Avdelingsoverlegane ved dei respektive avdelingane er ansvarlege for det faglege innhaldet i tenesta, og planlegging av legen sin individuelle utdanningsplan. Det vert gitt separat attest frå kvar tenestestad.
Avdelingane er tilknytta Det Medisinsk Fakultet, Institutt for kirurgiske fag ved UIB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervising etter nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver- Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan
Kvalifikasjonar- Må ha relevant medisinsk utdanning
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
UtdanningsretningUtdanningsnivå- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Beslutningsdyktig
- Fleksibel
- Engasjert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Me tilbyr- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Andre opplysningar- Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 01.09.2014
- Sluttdato for tilsetjing, vikariat eller engasjement: 31.08.2020
Arbeidssted:Kysthospitalet i Hagevik, 5217 Hagavik
Kontaktinfo:Kari Indrekvam, Sjukehussjef / Avdelingsoverlege, 56565800
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 2186090132
Stillingsbrøk: 100%
Utdanningsstilling
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Søknadsfrist: 31.05.2014