Jobbnorge ID: 106656
Vox har utvikla ei ny, delvis digital prøve i norsk og ei digital prøve i samfunnskunnskap. Utvikling av oppgåver til prøvene gjennomførast ved Vox' kontor i Bergen med 11 faste tilsette.
Vox lyser ut ein fast stilling som førstekonsulent for det administrative arbeidet knytt til dei nasjonale prøvene med arbeidsstad Bergen.
Oppgåver:- Saksbehandling innan prøveadministrasjon
- Post- og dokumentbehandling
- Innkjøp
- Anna administrativt arbeid
Kvalifikasjonar:Tre års høgare utdanning eller tilsvarande realkompetanse. Den som vert tilsett må ha erfaring frå tilsvarande oppgåver, bl a saks- og arkivbehandling, erfaring frå bruk av saks- og arkivverkty, gjerne ePhorte og kjennskap til regelverk for offentleg forvaltning. Det er nødvendig å kunne utvise stor sjølvstende i arbeidet og å ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Det er også ein fordel å trivast med å yte service og å ha mange ballar i lufta samtidig.
Stillinga er lønnasom førstekonsulent i lønsspenn mellom kr 397 300 og kr 466 800 i Statens lønnsregulativ, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Vi tilbyrvarierte og interessante arbeidsoppgåver, fleksitidsordning og god pensjonsordning gjennom medlemskap i Statens pensjonskasse.
Vox legg vekt på mangfald, og oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjøn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vox er ei IA-verksemd. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege jamvel om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova § 25. Søkjarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.
Se annonsen og søk på stillingen
www.jobbnorge.no