Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
På grunn av oppnådd aldersgrense søkjer vi no arbeidsleiar til pakke- og monteringsavdelinga. 100% stilling.
Avdelinga har og kopisenter/grafisk produksjon samt papirmakulering. Fem brukarar er knytt til avdelinga. Vi søkjer ein person som har kunnskap/bakgrunn frå nokre av desse felta, og som kan vidareutvikle avdelinga i samråd med bedriftsleiinga. Kunnskap og/eller erfaring med yrkeshemma er av stor betydning, og personleg egnethet og samarbeidseigenskaper vil difor verte tillagt stor vekt.
Utdanning og erfaring kan f.eks vera: - Helse og Sosialfag - Pedagogisk utdanning - Erfaring frå industri, handel eller handverk, evt. fagbrev - Leiarerfaring/arbeidsleiarsku le - Datakunnskap ut over det grunnleggjande -Stø i norsk
Arbeidsleiarane og øvrig leiing har eit tett samarbeid til beste for dei yrkeshemma, og har vidareutvikling og kurs som eit aktivt redskap til dette. Bedrifta er godkjent gjennom EQUASS kvalitetssikringssystem (www.equass.no). Bedrifta er og godkjent lærebedrift. Sjå forøvrig vår heimeside www.k-im.no.
Forsikring og pensjonsordning gjennom KLP. Løn etter avtale. 6 månaders gjensidig prøvetid.
Knarvik Industri og Miljø as er ei attføringsbedrift i Knarvik i Lindås Kommune. Vi er godkjend for 30 yrkeshemma arbeidstakarar gjennom NAV i tiltaket VTA (Varig Tilrettelagt Arbeid). Dessutan disponerer Lindås Kommune 6 plassar, og Hordaland Fylke kjøper elev- og hospitantplassar. Vi er 10 arbeidsleiarar. Knarvik Industri og Miljø as er ei Vekstbedrift med formål å habilitere, utvikle og gje arbeidstilbud til mennesker med særlege behov. Bedrifta har fleire avdelingar: Treavdeling, uteavdeling, husflid/tekstil, gjenbruksbutikk, kantine og pakking/montering/kopisenter. Lindås Kommune er eigar av bedrifta.
Les mer om
Knarvik Industri og Miljø
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.