Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.
Samnanger og Os legevakt/Moberg legesenter har behov for fleire tilkallingsvikarar.
Arbeidsstad
Samnanger og Os legevakt/Moberg legesenter.
Vi er samlokalisert med Ambulansetenesta og Brann og redning i Mobergsbakken 111, Os.
Legevakta skal sikra befolkninga sitt behov for øyeblikkeleg hjelp.
Legevaktordninga skal blant anna:
- vurdere, gje råd og rettleia ved henvendingar om øyeblikkeleg hjelp
- diagnostisere og behandle akutte medisinske tilstandar ved legekonsultasjonar og sjukebesøk og ved behov henvise
til andre tenester i kommunen, blant anna fastlege, og eventuelt spesialisthelseteneste og yte hjelp ved ulykker og
andre akutte situasjonar, blant annet rykke ut umiddelbart når det er nødvendig
Moberg Legesenter er eit kommunalt fastlegekontorsenter i Os kommune og held til i same lokala som legevakta.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet går ut på å svara på henvendingar til legevaktsentralen for kommunane Austevoll, Fusa, Os og Samnanger,
samt teamarbeid saman med lege- og ambulansepersonell på legevakta og ute i kommunane, Samnanger og Os.
Kvalifikasjonar
- Du må ha autorisasjon som sjukpleiar og relevant arbeidserfaring eller medisinar student m/lisens eller få denne ila året
- Du må kunne jobba sjølvstendig
- Du må kunne håndtera akutte situasjonar
- Du må ha generelle datakunnskapar
- Du må ha sertifikat, klasse B
- Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Søknadsfrist:19.11.18
Arbeidsgiver:Os kommune
Sted:Legevakt
Adresse: 5202 OS