Brønnbåten <>, som no er under bygging i Bilbao, skal leverast i siste halvdel av 2020. Båten har ei lengd på 91m, breidd 19m, og med brønnkapasitet på meir enn 5000 m3 vert dette Norges største brønnbåt.
Fartøyet vil bli ein integrert del av verksemda i Alsaker konsernet, og vil ha topp moderne teknologi.
<> blir utstyrt for føring av smolt og slaktefisk, samt eit breitt spekter for behandling av fisk. Fartøyet vil truleg bli den best utstyrte brønnbåten som er bygd, og har m.a.4 brønnar, Optilicer, RSW anlegg, topp moderne navigasjonssystem og dynamisk posisjonering. Fartøyet har dieselelektrisk framdrift.
Me søkjer etter deg som er påliteleg, resultat- og løysingsorientert. Du har god evne til å organisere arbeidet og er handlekraftig. Du ynskjer ein jobb som krev mykje av deg, og som gjev deg utfordringar. Godt arbeidsmiljø og gode resultat er viktig for deg, og du er lett å samarbeida med.
Begge stillingane vil verta involvert i oppbygging av drifts- og kvalitetssystem.
Kaptein:
Sertifikat Dekksoffiser klasse 1
Maskinsjef:
Sertifikat Maskinoffiser klasse 1
Praksis frå brønnbåt og erfaring med byggetilsyn vil verta vektlagt.
Norsk er arbeidsspråk, men med krav om gode engelskkunnskapar.
Løn og tiltreding etter avtale.
Noko reising må påreknast.
Adresse: Flakkavågsvegen 12,5694 Onarheim