Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Me søkjer ein høgt utdanna person med erfaring frå og med motivasjon for utviklingsarbeid, nyskapingsarbeid og leiing av menneske. Kjennskap til helse- og utdanningssektoren, leiarerfaring samt personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på i tilsettinga.
Dagleg leiar vil leia arbeidet med etablering av dei nye helsetenestene og vera ansvarleg for dagleg drift, inkludert avtaleoppfølging, økonomi og personalansvar for tilsette i HiH. Dagleg leiar rapporterer til styret i HiH, og vil vera sekretær for styret.
Arbeidsoppgåver
Førebu saker til styret samt vera styret sin sekretær
Økonomi-, personal- og budsjettansvar
Utvikla selskapet i tråd med styrevedtak
Ansvar for kontakt med samarbeidspartnarar
Sørgja for god og målretta kommunikasjon og samhandling
Ansvar for forvaltning av selskapet sine menneskelege og materielle ressursar
Krav til søkjar
Høgare utdanning.
Motivasjon for utviklingsarbeid og nyskapande arbeid
Leiareigenskapar
Personleg egna som leiar
Samarbeidseigenskapar
I tillegg er det ønskjeleg med følgjande kvalifikasjonar:
Erfaring frå leiing, økonomi og personalansvar
Erfaring frå prosjektutvikling og prosjektleiing
Kjennskap til helsetenester og helsesektoren
Leiarerfaring
Eksisterande og relevant nettverk
Ansvarsfull og evne til å arbeide sjølvstendig
Evne til planleggja og setja i verk
Løysningsorienter og praktisk
Andre forhold som spelar positivt inn
Tilknyting til Hardanger
Bustad i Hardanger
Arbeidsgjevar kan tilby
Leiar for eit høgt fagleg kompetansemiljø innan helse
HiH er eit nystarta prosjektselskap, etablert som eit not-for-profit aksjeselskap, lokalisert i det nye Hardangerbadet i Øystese, i Kvam herad. HiH skal betra helsetenester innan definerte område.
Ny og attraktiv infrastruktur i Hardangerbadet og Hardangerfjord hotell, nye og innovative måtar å levera helsetenester på samt høgt kompetente tverrfaglige behandlingsteam er viktig for HiH.
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.