Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Ferievikariat av varierande lengde frå medio juni til medio august. Det er ynskjeleg at du i denne perioden kan arbeide mest mogleg samanhengande. Det er viktig at du i søknaden fyller ut kva tidsrom du kan arbeide
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak pleie, omsorg, tilberede mat/delta i måltid, reinhald, og praktisk bistand til aktuelle pasientar.
Kvalifikasjonar
Ferievikarar må ha fylt 18 år.
Me ynskjer primært sjukepleiarar/sjukepleiestudentar, vernepleiarar/ vernepleiarstudentar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, heimehjelp, assistentar og elevar innan helse- og miljøarbeid. For å arbeide i
korttidsavdelinga (KA) i Gaupne må du vere sjukepleiarstudent eller ferdig utdanna sjukepleiar.
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal.
Omsorgstenesta i Luster omfattar Luster, Gaupne og Hafslo omsorgssenter, Grandmo busenter og Luster sentralkjøken.
Gaupne omsorgssenter har heildøgns tenester i omsorgsplassar, omsorgsbustader, tenester til heimebuande og korttidsavdeling (KA).
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Nortura Egersund søker industrimekaniker / mekaniker/ automatiker. Stillingen som Industrimekaniker/Automatiker hører til teknisk avdeling for drift og vedlikehold på fabrikken.