Org. nr: Logg inn for å se kontaktinformasjon6 Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon47 Presentasjon av stillingen:
Ulstein kommune har ledig ei fast 100% stilling som rektor ved Ulsteinvik barneskule.
Ulsteinvik barneskule ligg sentralt i Ulsteinvik, med Ulstein ungdomsskule og Ulstein Arena som nære naboar. Det er 420 elevar og 60 tilsette ved skulen. I tillegg til rektor, inngår assisterande rektor og to inspektørar i leiarteamet.
Rektor er skulen sin pedagogiske og administrative leiar.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande leiar, med evne til
• Å utvikle skulen som lærande organisasjon
• Å samarbeide med medarbeidarar og elevar om å skape eit godt læringsmiljø
• Å leie og motivere pedagogisk utviklingsarbeid
• Å utøve god personal- og økonomileiing
• Å samarbeide godt med interne og eksterne aktørar
Kvalifikasjonar
Krav om utdanning frå universitet/høgskule og pedagogisk kompetanse.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Ynskjeleg med leiarerfaring/leiarutdanning.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.
Du må kunne identifisere seg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar:
Nyskaping -- Omsorg -- Rausheit - Mangfald
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med gjeldande avtaleverk. Løn etter avtale. Stillinga er underlagt reglement for kommunal fleksitid.
Det er krav om framvist politiattest ved tiltrede i tråd med opplæringslova.
Kontaktinformasjon
Gry Osnes Nordal, Kommunalsjef oppvekst og kultur, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Skulevegen 5
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommune
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon47
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2020