Org. nr: Logg inn for å se kontaktinformasjon0 Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon96 Presentasjon av stillingen:
Amalie Skram videregående skole ligg i Bergen sentrum og er fylkets største skole målt i elevtal, med over 1000 elevar. Vi er ein ny og moderne skole som starta opp hausten 2014. Frå og med hausten 2020 har vi følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Medium og kommunikasjon, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, samt Sal, service og reiseliv. Totalt er det ca.130 modige, opne og kompetente tilsette. Skolen er samlokalisert med Bergen kommune sitt hovudanlegg for symjing og stup: AdO Arena.
Skolen har ledig to faste undervisningsstillingar, samt eit årsvikariat, knytt til ulike programfag innanfor IT. Aktuelle undervisningsfag er: Teknologiforståelse, yrkesfagleg fordjuping, brukar- og driftsstønad, drift og vedlikehald samt verksemdstønad. Andre fag ein har i fagkretsen vil også bli vurdert opp mot skolen sine behov.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i programfag knytt til programområdet informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Samarbeid med andre tilsette på avdelinga, og på tvers av avdelingane på skolen
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med arbeidserfaring knytt til nettverksdrift
- Ønskeleg med kompetanse knytt til serverdrift
- Ønskeleg med programmeringskompetanse samt databaseforståelse
- Krav om generelt høg grad av teknologiforståing
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Krav om erfaring i bruk av IKT som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar
- Du bidreg til å skape gode relasjonar mellom elevar og lærarar
- Du er inkluderande og utviklingsorientert
- Du har god pedagogisk forståing
- Du har eit positivt menneskesyn
- Du er initiativrik og bidreg til profesjonsfellesskapet
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- Nært samarbeid med kollegaer
- God delingskultur
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Ein variert arbeidskvardag med moglegheit for personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Torrey Magnar Hummelsund, avdelingsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Lars Berntsen, rektor , Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Lungegårdskaien 40
5015 Bergen
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon96
Stillingsprosent: 300%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 12.06.2020