Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon23 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst til å vere med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa?
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og har dei sista åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og
drifter eit trettitals nye el-ferjer, som alle er topp moderne med
den fremste teknologien i verda.Vi skal vere best på miljøvennleg og
påliteleg transport, og er stadig på jakt etter ny kompetanse.
No har vi ledig stilling som operativ leiar i vår driftsorganisasjon i Florø!
I denne stillinga leier du eit team beståande av teknisk inspektør og bemanningskoordinator. Saman har de ansvar for ei portefølje av fartøy som de skal drifte best mogleg til ei kvar tid. Du er også nærmaste leiar for skipsførarane på "dine" fartøy.
Du er ein lagspelar som evnar å halde overblikket og strukturen i ein hektisk arbeidskvardag. Dine kollegar opplever deg som ein stabil, positiv og løysingsorientert person med gode leiareigenskaper.
Arbeidsstad er i utgangspunktet Florø, men for den rette personen kan vi vere villig til å diskutere dette.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dagleg drift av fartøy
- Personalansvar for administrativt og maritimt personell
- Budsjett- og resultatansvar
- Linjeansvarleg for tryggleik og HMS
- Beredskapsvakt
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning, gjerne innan nautiske eller tekniske fag, men også andre fagområder kan vere aktuelle
- Relevant arbeidserfaring, gjerne i frå rederi eller anna operativ verksemd
- Erfaring innan drift og prosjektleiing vil bli særleg vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskaper - evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Motivert, engasjert og initiativrik
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling i ein hektisk kvardag
- Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige betingelsar
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Tor Kristoffersen, Regionleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Strandavegen 15
6900 Florø
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASA
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon23
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2021