Tilkallingsvikarar i Lesja barnehage og Lesjaskog friluftsbarnehage frå snarast. Søknadsfrist 27. september 2021.
Lesja barnehage ligg opp for Lesja sentrum og har 62 plassar.
Lesjaskog friluftsbarnehage ligg på Lesjaskog og har 36 plassar.
Begge barnehagane har tidsmessige lokale og flotte og hensiktsmessige uteområde.
Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan stille på kort varsel ved fråvær blant dei faste tilsette.
Kompetansekrav:
Fagarbeidar B/U og/eller assistent, gjerne med relevant praksis.
Lønn (rekna ut frå årslønn i 100% st):
Fagarbeidar: Kr 363 700-467 100, avhengig av utdanning og ansiennitet.
Assistent: Kr 312 900-419 400, avhengig av ansiennitet.
Nærare info:
Tenesteleiar/styrar i Lesja barnehage, Ingrid Undselli, tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon
Tenesteleiar/styrar i Lesjaskog friluftsbarnehage, Elin Brøste, tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon
Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 27.09.2021
Ver vennleg å sende søknad elektronisk via knappen over. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Det må framgå tydeleg av søknaden om du ønskjer å vere tilkallingsvikar i begge barnehagane eller berre i den eine, og i såfall kva for barnehage du ønskjer å vere vikar i.
Dei som blir tilsett, skal levere politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart i stilling, jf barnehagelova §19, jf politiregisterlova §39, 1.ledd.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Evt søknadspapir blir ikkje returnert.
Saksnr: 2021/2188-1 StillingsID: 65 Dato: 16.09.2021
Adresse: Lesja kommune