<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Fastlegevikar - Rosendal Helsesenter Helsetenester I Kvinnherad

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Omtale av stillinga

Ein av våre kommunalt tilsette fastlegar skal ut i svangerskapspermisjon. Av den årsak har me eit

ledig vikariat ved Rosendal helsesenteret med listetak på 900 pasientar i veldrevet praksis.

Ved Rosendal helsesenter arbeidar i dag fem fastlegar og ein LiS i eit kontorfellesskap med til saman

eit listetak på 4 050 pasientar, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. To fastlegar har

økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Helsesenteret har eige laboratorium og

bioingeniør i 80 % stilling.

Stillinga er på 100% med fast lønn pluss 30% av trygderefusjonar. Det er ikkje tilplikta offentlege

oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt. Stillinga inneber deltaking

i legevaktordning med fastlønn. Kommunen kan legger til rette for veiledning.

Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste.

I tillegg har kommunen ein stilling for LiS1, to sjukeheimslegar i totalt 160% stilling og kommuneoverlege

i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av

legane har 8 - 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario

journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og

omsorgstenesta.

Vaktordninga er for tida 11-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og

helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen. Ambulansetenesta høyrer til

i Helse Fonna og Stord og Odda er lokalsjukehus med ØH-funksjon.

Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og

kollegialt fellesskap i legegruppa. Der er vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt og tett

samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Organisert smågruppetrening gjev teljande

poeng for spesialisering og vedlikehald for spesialistar i allmennmedisin.

Kommunen har etablert ein frisklivsentral og har tilsett folkehelsekoordinator.

Kvalifikasjonar

For stillinga søkjer vi lege som har:

• norsk autorisasjon

• fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under

spesialisering eller ferdig spesialist

• svært gode norskkunnskapar

• gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling

Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge

vil verta vektlagt.

Søkjar må ha førarkort for bil.

Vikariatet er i perioden februar 2022 -- februar 2023.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Kvinnherad kommune kan vera behjelpeleg med å skaffa bustad, samt flytting vert betalt etter

gjeldande reglar.

Kvinnherad kommune gir SVÆRT GODE BETINGELSER -- både for sommervikariat og annet engasjement. Ta kontakt

med oss for nærmere avklaring rundt dette.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje

søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Søknadsfrist 27.03.2022 Utlyst dato 24.02.2022 Vårref4222

Kontaktperson

Irina Zimina, Avdelingsleiar, tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Åslaug Brænde, Sektorleiar, tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Glenn A. Opland, Kommuneoverlege, tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Trygve B Torjusen, Dagleg leiar og fastlege, tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon





Om arbeidsgiveren

Legetenesta i Kvinnherad kommune har fire kontorstader: Halsnøy, Husnes , Rosendal og Hatlestrand, samt legevakt med base på Husnes helsesenter.

Les mer om Helsetenester I Kvinnherad

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker renholdere til deltid og heltid! Er du nøye, pålitelig og liker å holde det rent og ryddig? Vi
28.05.2025 Oslo
Kan du formidle gode historier i digitale kanaler? Har du noen års erfaring som kommunikasjonsrådgiver, er opptatt av smart kommunikasjon
15.06.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
30.05.2025 Oslo
I Norge har det aldri vært satset mer på jernbane enn nå, og dette er et samfunnsansvar som vi i
10.06.2025 Drammen
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål - å sette spor vi er stolte av, som kan
22.06.2025 Flere steder
Om avdelingen Energi har i dag ca,150 engasjerte ansatte, og søker nå etter seksjonsleder til kraftsystem og utredinger for energiforsyning
30.05.2025 Oslo
Vis alle 38.894 ledige stillinger

Fakta om Helsetenester I Kvinnherad