Stord sjukeheim har ledig fast helgestilling på 18,78% frå 01.05.22. Stillinga har turnus på natt, med arbeid 2 netter kvar 3. helg.
Stord sjukeheim har 115 pasientar fordelt på 6 avdelingar. Ledig stilling er på natt og er difor ikkje knytt til ei spesiell avdeling. Nattevaktene ved Stord sjukeheim er organisert i tre grupper som høyrer til kvar sine bygg, og rullerer mellom fleire avdelingar på bygga. Arbeid på natt krev at ein er fagleg trygg, at ein lik å arbeide sjølvstendig samstundes som ein må vere god på samarbeid.
Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar eller student innan helsefag.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Marianne Leth Lups Logg inn for å se kontaktinformasjon eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon