Om stillinga
Åna fengsel har ledig fast stilling i 100 % som fengselsbetjent.
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Arbeidsoppgåver
- avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
- kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdeling
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- gratis parkering
- tilgjengeleg ladestasjon for el-bilar
- Stillinga er løna i lønstrinn 41 (44300) til 57 (557100) etter ansiennitet
- Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Frode Dahl Logg inn for å se kontaktinformasjon
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på Logg inn for å se kontaktinformasjon.