<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Lagermedarbeidar/sjåfør Drift/teknisk divisjon/ Medisinsk-teknisk avdeling/ MTA Behandlingshjelpemiddel, Helse Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Vi søker konsulent til eit 12 månaders vikariat i 100% stilling ved Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM), Seksjon for logistikk og verkstad. Stillinga vil vere tilknytt lager- og transporttenesten. 

Eining for Behandlingshjelpemiddel (BHM) høyrer innunder Medisinsk-Teknisk avdeling, og er organisert i to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Eininga har 37 tilsette totalt, og tilsettgruppa omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å halda oppe ei effektiv drift.

Seksjon for logistikk og verkstad har ansvar for logistikktenester og oppfølging av medisinsk utstyr til heimebuande pasientar i regionen. Det er sju tilsette på lageret, i tillegg til tre sjåførar, fem ingeniørar og éin tilsett på reinhald. På lageret har dei tilsette ansvar for bestilling av varer, varemottak, vareplassering, plukking, klargjering og sending av varer og forbruksmateriell til heimebuande pasientar. I tillegg omfattar arbeidsdagen administrative oppgåver knytt til oppfølging av leveringar og leverandørar, fakturahandtering, og dessutan samarbeid med klinisk seksjon, avdelingar på Haukeland Universitetssjukehus og andre aktuelle aktørar. Det er tett dialog mellom dei tilsette, og dei hjelper kvarandre med dei ulike arbeidsoppgåvene gjennom dagen. Vi handterer forbruksmateriell innan fagområda diabetes, respirasjon og ernæring, og det er viktig at du har evne til å tileigna deg kunnskap om, og bli godt kjent med varene vi leverer. 

I tillegg til arbeidsoppgåver på lager, vil det i denne stillinga vere behov for bistand med transportoppdrag og levering av varer til heimedialyse. Vi leverer væske og forbruksmateriell til pasientar med dialysebehandling heime, og det vil kunne vere behov for ein sidemann og/eller sjåfør som bistår ved levering. Det må påreknast tidvis fysisk krevjande og tungt arbeid. Ved behov hjelper lageret også med andre transportoppdrag og leveringar av varer heim til pasientar, difor er det eit krav om førarkort klasse B til denne stillinga. 

Arbeidsoppgåvene krev gode datakunnskapar då vi arbeider på tvers av mange ulike datasystem. Du må raskt kunne tileigna deg nødvendig kompetanse innanfor dei systema vi nyttar. Det er ein fordel om du har kjennskap til system som SAP/Libra, Medusa og Microsoft 365 for å nemne nokon. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo, og vi treng deg som arbeider effektivt og har evne til omstilling. 

Arbeidsoppgåver omfattar mellom anna:

  • Handtering av plukklister og leveringsordre 
  • Bruk av ulike datasystem, mellom anna SAP/Libra, Medusa, Kjørotek og Microsoft 365 
  • Varebestilling
  • Oppfølging av bestillingar og leverandørar
  • Varemottak 
  • Fakturahandtering
  • Vareplassering 
  • Plukking og pakking av varer til henting, levering til pasientar og leveringar til interne avdelingar ved Haukeland Universitetssjukehus 
  • Samarbeid og samhandling med kolleger og faggrupper internt i eininga, pasientar, personale ved klinikkar/avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus, og dessutan andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • Sjåfør/sidemann ved levering av heimedialyse
  • Bistå som sjåfør ved behov

Kvalifikasjonar:

  • Vidaregåande skule  
  • Fordel med fagbrev innan logistikkfaget, arbeidserfaring og god kjennskap knytt til lager og logistikk kan kompensere for manglande fagbrev 
  • Fordel med erfaring innan transport, sjåføroppdrag og ruteplanlegging
  • Ha gode datakunnskapar og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei ulike systema vi nyttar 
  • Ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
  • Må meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg 
  • Førarkort klasse B

Vi treng deg som:

  • Kan arbeide godt, både sjølvstendig og i team 
  • Har god fysisk helse 
  • Er punktleg og påliteleg 
  • Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og får gjerne hjelp 
  • Er god på å tileigna deg ny kunnskap 
  • Har motivasjon og interesse for å levera ei god teneste til våre pasientar 
  • Arbeider strukturert og effektivt 
  • Er ærleg, sjølvstendig og løysingsorientert 
  • Evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag 
  • Er positiv, har godt humør og medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer 
  • Fleksitid med kjernetid  
  • Arbeid på dagtid måndag-fredag  
  • Snarleg tiltredning

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Malene Sævrøy Johannessen, Seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Solheimsgaten 13

5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 11.04.2025


Adresse: Jonas Lies vei 65, 5021 BERGEN
Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Les mer om Drift/teknisk divisjon/ Medisinsk-teknisk avdeling/ MTA Behandlingshjelpemiddel, Helse Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Prosjektingeniør, Tekniker, Kontrollør, Arbeidsleder
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker renholdere til deltid og heltid! Er du nøye, pålitelig og liker å holde det rent og ryddig? Vi
28.05.2025 Oslo
Kan du formidle gode historier i digitale kanaler? Har du noen års erfaring som kommunikasjonsrådgiver, er opptatt av smart kommunikasjon
15.06.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
30.05.2025 Oslo
I Norge har det aldri vært satset mer på jernbane enn nå, og dette er et samfunnsansvar som vi i
10.06.2025 Drammen
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål - å sette spor vi er stolte av, som kan
22.06.2025 Flere steder
Om avdelingen Energi har i dag ca,150 engasjerte ansatte, og søker nå etter seksjonsleder til kraftsystem og utredinger for energiforsyning
30.05.2025 Oslo
Vis alle 38.894 ledige stillinger

Fakta om Drift/teknisk divisjon/ Medisinsk-teknisk avdeling/ MTA Behandlingshjelpemiddel, Helse Bergen