Psykolog - Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, BUP Åsane
Ved BUP Åsane er det ledig eit vikariat for psykolog. BUP Åsane er lokalisert i Åsane og er ein seksjon innan Klinikk psykisk helsevern for barn og unge. Klinikk psykisk helsevern for barn og unge er organisert i to avdelingar: Avdeling for sjukehustenester og Avdeling for poliklinikkar.
BUP Åsane gjev tilbod til barn og unge opp til 18 år med psykiske lidingar og foreldra deira. Det er om lag 15 000 barn i opptaksområde og poliklinikken har ca 30 tilsette. Poliklinikken dekkjer Åsane og Arna bydel og Osterøy kommune. BUP Åsane har ei tilsettgruppe med høg spesialkompetanse og erfaring.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon. For stillinga er det krav om tilfredsstillande politiattest, jamfør Helsepersonelloven, Lov om barnehagar og Grunnskoleloven. Tilsetjing skjer under føresetnad av at arbeidstakar leverer tilfredsstillande politiattest.
Arbeidsoppgåver- Utgreiing og behandling av barn og unge
- Pasientoppfølging
- Teamarbeid
Kvalifikasjonar- Ønskjeleg med erfaring frå BUP
- Erfaring frå tverretatleg samarbeid
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning- Psykologi
- Utdanningstittel: Psykolog
UtdanningsnivåPersonlege eigenskapar- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Engasjert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Samarbeidsvillig
SpråkVi tilbyr- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Andre opplysningar- Reiseaktivitet: Ingen reiseverksemd
- Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 10.06.2014
- Sluttdato for tilsetjing, vikariat eller engasjement: 31.12.2014
Arbeidssted:5131 Nyborg
Kontaktinfo:Trude Senneseth, fungerande seksjonsleiar, 55 97 74 00,
trude.senneseth@helse-bergen.noNøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 2197190541
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]