Stryn Energi AS er eit kommunalt eigd energiverk med administrasjonsbygg i Stryn sentrum. I tillegg til straumnett byggjer vi også fibernett. Stryn Energi AS har 25 tilsette. Årsomsetninga i konsernet er ca. kr 100 mill.
Likar du å legge til rette for andre, og ha ansvar for ein eigen del av verksemda ? Har du godt humør og liker å arbeide med andre?
Svarer du JA på desse spørsmåla kan du være den vi leitar etter.
Arbeidsoppgåver:
Vi søker ein person som skal ha ansvar for verksemdas lagerstyring, dvs. kontroll på lageret, bestilling, destruksjon og retur. Du skal være ein sentral person i vår innføring og vedlikehald av digitalt lagersystem. Du får ansvar for LEAN i din del av verksemda, og vil dessutan ha delansvar innan avfallshandtering, stoffkartotek og byggestraumhandtering. Mellom anna vil hovudoppgåvene være førebuing av utstyr og materiell for arbeidslag, samt ansvar for vedlikehald av utstyr og bilparken.
Krav til utdanning / røynsle.
Vi har ingen spesielle krav til utdanning, men det er desto viktigare at du har røynsle frå bransjen, eller liknande type stilling, dvs. lager, innkjøp, logistikk. Har du røynsle frå stilling som mekanikar, teknisk vedlikehald eller reparasjonar vil også dette være eit pluss. Du må ha god kjennskap til bruk av pc og office-pakka og du må ha generelt god IT-kompetanse. Det er ynskjeleg med kompetansebevis for sertifisert sikkerheitsopplæring for kran og truck, (G4, G8, G11, T1, T2, T4) og sertifikat kl. BE, C / C1.
Personlege eigenskapar:
Du må være positivt innstilt, omgjengeleg og like å arbeide med folk, både interne kollegaer og eksterne kundar og samarbeidspartar. Du må kunne ta litt styring og seie ifrå når andre ikkje behandlar utstyr rett. Du må like å være godt forberedt og proaktiv. Du må både like å ha system og struktur, samt kunne endre raskt og finne gode løysningar når dette trengst. Du må kunne leie deg sjølv og >>stå på>> ekstra i periodar. Du må like å ta ansvar for arbeidsmiljøet, og hjelpe andre.
Vi kan tilby:
Til den rette tilbyr vi konkurransedyktige vilkår og deltaking i eit triveleg og opent miljø i gode lokalitetar. Stryn Energi har lågt sjukefråvær.
Søknadsfrist:15.10.2017
Arbeidsgiver:Stryn Energi Nett AS
Sted:Stryn
Bransjer:Kraft og energi
Tiltredelse:01.01.2018
Hentet fra:FINN
Se annonse
Medium: Finn
Adresse: 6783 STRYN