Interkommunale helsetenester i Nordfjord omfattar Nordfjord legevakt/legevaktformidling, kreftkoordinator og Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD). Tenestene er organiserte som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stryn, Hornindal, Eid, Selje, Vågsøy og vert drive av Eid kommune. Arbeidsstad er Nordfjord sjukehus.
Interkommunale helsetenester i Nordfjord har no ledig 92 % vikariat som sjukepleiar ved legevakt/legevaktformidling og ØHD frå 03.09.18 - medio august 2019. Stillinga inneber turnusarbeid med helgevakt, per no langhelg to av sju helgar.
Stillinga kan delast på to personar, men Eid kommune ønskjer primært å tilby heile stillingar.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiarane ved dei interkommunale tenestene/ØHD arbeider i team og tett opp mot lege i vakt. Som sjukepleiar har ein mange spennande og utfordrande oppgåver og arbeider både på sengepost og med legevaktformidling. Nordfjord legevakt er bemanna av fastlegane i Nordfjord. ØHD har også ansvar for å gje eit akutt-tilbod til pasientar med rusutfordringar og psykisk sjukdom. Det er derfor ein fordel med interesse og erfaring frå dette fagfeltet.
I stillingane vil det vere viktig å samarbeide godt med fastlegane i Nordfjord og leiinga ved interkommunale tenester.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer offentleg godkjend sjukepleiar medvidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus eller vidareutdanning i akuttsjukepleie og erfaring frå akuttmedisin
- evne til å arbeide tverrfagleg og i team samstundes som ein er sjølvstendig
- positiv haldning og gode kommunikasjonsevner
- evne til å takle press frå ulike hald og samtidskonflikter
- gode datakunnskapar og kjennskap til EPJ-system
- evne til å gi råd og ta avgjerder ut frå Norsk index for medisinsk nødhjelp
- gode personlege eigenskapar
- god formidlingsevne munnleg og skriftleg
Vi kan tilby
- spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
- løn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- dagarbeidstid og turnusarbeid med langvakter to av sju helgar
For meir informasjon, ta kontakt med Grete Aud Totland, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon eller kommunalsjef Kari Krogh , tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon
Vi ber om at du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden samt referansar. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Eid kommune har 6 månadar prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmodinga må grunngjevast.
Søknadsfrist er 12. august 2018.
Link til søknadsskjema: For mer informasjon kontakt: , Grete Aud Totland, Tlf:
Logg inn for å se kontaktinformasjon, Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjon, Rådhusvegen 11
Adresse: Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID