Namsfogden i Ålesund søkjar etter ein motivert og effektiv namsfullmektig til eit ledig vikariat med varighet ut 2019, med moglegheit for forlenging, til interessante og utfordrande oppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø.
Den rette kandidaten kan arbeide sjølvstendig i eit hektisk arbeidsmiljø med stort sakstilfang. Motivasjon, forståing for namsmannens rolle og om ein er personleg eigna er viktige egenskapar i rekrutteringsprosessen.
Namsfogden i Ålesund har ansvar for namsmannsoppgåver (utlegg, utkasting, tvangssalg m.m.), stevnevitne, forliksråd og gjeldsordning for kommunane Ålesund, Giske, Sula, Skodje, Ørskog, Haram, Sandøy, Stordal og Norddal.
Namsfogden i Ålesund har i dag 12 tilsette med variert utdanning, erfaring og alder. Fire menn og åtte kvinner i alderen 32-55, med arbeidserfaring innan sivil rettspleie frå 3-5 år til over 20 år. Namsfogden har også tre saksbehandlarar med arbeidsstad Haram lensmannskontor. Denne stillinga har arbeidsstad i Ålesund.
Attester og vitnemål skal takast med på intervju.
Jobb hos Namsfogden i Ålesund forutsetter økonomisk vederheftighet. Søkjar må difor legge ved utskrift av kredittinformasjon om seg sjølv for å synleggjere eventuelle betalingsmerknader. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett. Informasjon om ligningsopplysningar kan sladdast.
Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, noverande stilling og bustadkommune. Det kan gjerast unntak for innsyn om ein søkjar ber om det. Dersom førespurnaden ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju i løpet av veke 51.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig saksbehandling og rettleiing overfor partane innan eit eller fleire av eininga sine saksområde
- Bidra til den administrative delen av eininga sitt arbeid, herunder registrering av inngåande post og saker
- Handtere publikumsførespurnader
- Oppsøkjande verksemd
- Bidra til eininga sitt arbeid innan fag- og kompetanseutvikling
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
- Nødvendige kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning med minimum tre år på høgskule/universitet. Lengre relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
- Beherske bruk av IT som arbeidsverktøy
- Økonomisk vederheftighet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Juridisk og økonomisk kompetanse/forståing
- Utdanning/spesialkurs innan sivil rettspleie
- Erfaring frå eller kunnskap om offentlig forvalting og saksbehandling
- Innsikt i eller erfaring frå arbeid innan sivil rettspleie, økonomisk rettleiing/gjeldsrettleiing o.l.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
- Evne til å kommunisere munnleg på andre frammandspråk
- Gode IKT-kunnskapar
- Førarkort klasse B
Utdanningsnivå
- høyskole/universitet, diplom/bachelor grad
Personlege Eigenskapar
- Du er motivert for å arbeide innan den sivile rettspleien og i politiet
- Du har forståing for namsmannens rolle i samfunnet og i politiet
- Du er sjølvstendig og initiativrik med god evne til å prioritere
- Du er avgjerdsfør, effektiv og nøyaktig
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og du er serviceinnstilt
- Du evner å tileigne deg ny kunnskap
- Du kan bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Midlertidig stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) til 31.12.2019 med moglegheit for forlenging. For særleg kvalifiserte søkjarar vil høgare normering kunne vurderast.
- Løn frå kroner 403 200. Endeleg lønsplassering er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet .
- Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), med gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
- Høve til trening i arbeidstida.
- Møre og Romsdal er IA-bedrift og tilknytta bedrifthelseteneste.
Kontaktinformasjon
Thomas Hammervold, Namsfogd,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Ålesund
Adresse: 6001 ÅLESUND