Barnehagelærar - Lysekloster barnehage
LEDIG 100% STILLING SOM BARNEHAGELÆRAR, frå 1. august 2019.
Lysekloster barnehage har 4 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, og to avdelingar er for barn i alderen 3-6 år. Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik, og vi har natur og uteliv som fokus i arbeid med barna. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde. Dette brukar vi aktivt i arbeidet med barnegruppene.
Arbeidsstad
Lysekloster barnehage.
Arbeidsoppgåver
Barnehagelæraren vil saman med pedagogisk leiar, ha ansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, og for å bidra til åleggja til rette for barnas læring, utvikling og danning. Barnehagelæraren vil og ha eit medansvar for utviklinga av barnehagen som pedagogisk verksemd.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- har utdanning som barnehagelærar
- har eit positivt menneskesyn og gode evner til samarbeid
- er ein god språkmodell
- er glad i å vera ute
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Adresse: Edne 19,5215 Lysekloster