Controller – økonomi
Tenestestad: Leikanger.
Vi har ledig stilling som Controller, og treng deg som ynskjer å vere med å bygge opp Nye Sogndal kommune.
Økonomisjefen er organisert i tre avdelingar; rekneskap, skatt og Controller.
Stillinga er ei av fem stillingar i avdeling for Controller. Du vil få moglegheit til å vere med å bygge opp nye rutinar, samt arbeide med fagområde som budsjett, rapportering, internkontroll, innkjøp og økonomistyring med meir.
Vi ser etter dyktig fagperson som har bachelor eller master i økonomi. Løn etter avtale.
Kontaktperson:
Økonomisjef Marianne Skjeldestad Hove, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Politisk sekretær (rådgjevar)
Tenestestad: Leikanger.
Politisk sekretær skal ha oversikt og sikra saker som skal til politisk hand- saming, utarbeide sakslister og protokoller, formidle politiske vedtak og leggje til rette for papirlaus saksflyt mellom dei enkelte einingane.
Du vil jobbe tett med administrativ og politisk leiing.
Sekretariatet sitt hovudmål er å leggje til rette for at arbeidet i kommune- styret og andre folkevalde organ skal fungere optimalt. Politisk sekretær må ha kunnskap om og kunne utføre sekretariatet sine oppgåve på eit sjølvstendig grunnlag. Vidare vert det generell saksbehandling, førebu saker på bestilling av rådmann/kommunalsjef. Andre oppgåver etter orga- nisasjonen sine behov, samt bidra til andre avdelingar ved behov.
Fortrinnsvis relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelorgradsnivå. Løn etter avtale.
Kontaktperson: Rådmann Odd Arve Rakstad, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Avdelingsleiar bygg/anlegg
Avdeling for bygg og anlegg ligg under tenesteeining Teknisk drift, som høyrer til kommunalsjefområdet Plan og samfunn. Avdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) av alle kommunale bygg, anlegg og grøntområde. Kommunen har 54 føremålsbygg med areal på vel 70.000 m2. Avdelinga vil ha om lag 17 årsverk, og vil både ha fagstab/ingeniørkorps samt utestasjonar og formannsfunksjon.
Avdelingsleiar vil ha fagøkonomi og personalansvar. Stillinga vil delta i tenesteleiar si leiargruppe.
Stillinga vil få eit særskild ansvar og oppgåver knytt til strategi, utvikling av system og styring av området.
Det skal vektleggjast god personal- leiing med medverknad og utvikling av tenestene.
Relevant høgskuleutdanning. Ingeniørkompetanse på bygg er ynskjeleg.
Løn etter avtale.
Kontaktpersonar:
Kommunalsjef Arne Abrahamsen, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller tenesteleiar Kristian Karlsen, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Felles søknadsfrist 26.09.2019.
Vi viser til fullstendig utlysing på heimesidene våre: www.sogndal.kommune.no www.balestrand.kommune.no www.leikanger.kommune.no
Adresse: 6856 Sogndal