Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon79 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.
Planavdelinga er ein del av verksemd Plan, byggesak og geodata innan kommunalområdet Miljø-, by- og stadutvikling i nye Ålesund kommune. Avdelinga har 11 tilsette og er tverrfagleg samansett med fagfolk innan ingeniørfag, arkitektur, landskapsarkitektur og naturforvaltning. Avdelinga vil ha ei sentral rolle når det gjeld forvaltning av areal i den nye kommunen, gjennom arbeid og handsaming av kommuneplanen sin arealdel, områdeplanar og detaljreguleringsplanar. I tillegg vil avdelinga ta del i viktige by- og stadutviklingsprosjekt, og har viktige rådgivingsoppgåver overfor private aktørar, kommunale verksemder og rådmannen.
Avdelingsleiar vil ha ei viktig rolle i samordning og utvikling av desse sentrale tenesteområda for innbyggjarar og næringsliv i den nye kommunen. I tillegg vil avdelinga vere ein viktig deltakar i realisering av kommunen sine overordna strategiske planar, der nye Ålesund kommune har ei tatt ei sentral rolle i FN sitt smartby-nettverk. Avdelingsleiar rapporterer til verksemdleiar for Plan, byggesak og geodata og er en del av verksemda si leiargeuppe.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for løpande drift og vidareutvikling av avdelinga.
- Lede og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde.
- Økonomi-, personal- og fagansvar for avdelinga.
- Legge til rette for ein god dialog med innbyggjarar, næringsliv og akademia.
- Stimulere til tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av verksemder og avdelingar.
- Inspirere og motivere sine medarbeidarar.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på masternivå, innan arealplanlegging, arkitektur eller tilsvarande.
- Utdanning på bachelornivå med brei leiarerfaring frå relevante fagfelt kan bli vurdert.
- God kompetanse innan arealplanlegging, arkitektur og liknande fagfelt.
- Relevant arbeidserfaring frå kommunal eller privat sektor.
Personlege eigenskapar
- God på strategiske prosessar og ser moglegheiter til å utvikle avdelinga.
- Stor arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre tiltak.
- God kommunikasjons- og formidlingsevne, både skriftleg og munnleg.
- Gode samarbeidseigenskapar, med evne til å inspirere og motivere.
- Positiv, engasjert, strukturert og analytisk.
Vi tilbyr
Som vår nye plansjef får du spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå, og vil vere med å forme verksemdsområdet Plan, byggesak og geodata i nye Ålesund kommune med fokus på mellom anna berekraft, digitale løysingar og samhandling til det beste for alle i den nye kommunen.
Stillinga har konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ole Andreas Søvik, Kommunalsjef, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Frode Helland , Assisterande kommunalsjef , Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gt. 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund kommune
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon79
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 13.10.2019