Om arbeidsstaden
Område Aust er : Vetleflaten omsorgssenter har 64 sjukeheimsplassar og 17 omsorgsbustader samt heimetenester som tilbyr tenester til om lag 250 brukarar i eigen bustad. Vetleflaten ligg ved Voss sentrum, det er gode buss og tog forbindelsar.
Arbeidsoppgåver
Nattevakt gir tenester til bebuarar i institusjon og omsorgsbustad. Det er 5 nattevakter som deler på ansvar for korttidsplassar, langtidsplassar i institusjon og omsorgsbustader. stell, pleie,medikamenthandtering, omsorg og behandling er hovudoppgåvene.
Me søkjer
Sjukepleiar eller helsefagarbeidar til 74 % vikariat på natt frå no til 10.01.2021, med mogelegheit for forlenging.
Personlege eigenskapar veg tungt , du må lika å arbeida på natt og ha god kunnskap om mennesker med kognitiv svikt og alvorleg somatisk sjukedom. Toleranse og samarbeid gjer bebuarane våre trygge.
Me vektlegg stå på vilje, at du taklar utfordringar og har ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt. Me legg sjølvsagt og stor vekt på dei faglege kvalitetane og erfaringane dine.
Det er krav om politiattest ved tilsetjing.
Me tilbyr
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Adresse: Område Aust