Kva gjer vi?
Norges internasjonale Klima- og skoginitiativ er styrt frå Klimaavdelinga i Klima- og miljødepartementet. Initiativet omfattar også medarbeidarar i Norad og ved norske utanriksstasjonar. Initiativet skal medverke til at redusert og reversert avskoging skal gi eit meir stabilt klima, auka naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Initiativet er ein sentral del av norsk klimapolitikk og eit flaggskip i Noregs bidrag til utsleppsreduksjonar internasjonalt.
Meir informasjon om initiativet finnest på https://www.regjeringen.no/klimaskog og www.nicfi.no
Det er ledig eit vikariat fram til 15. november 2021 med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
Oppgåvene som ligg til stillinga er å følgje opp dei bilaterale skogpartnarskapa med Colombia og Peru, samt innsatsen i Ecuador. Colombia og Peru er sentrale land i verksemda til Klima- og skoginitiativet, og krev ein dedikert saksbehandlar.
Følgjande oppgåver ligg til stillinga:
- Medverke til og følgje opp strategien til klima- og skoginitiativet i Colombia og Peru.
- Koordinere og delta i den faglege og politiske dialogen om skogsamarbeidet med landa, involvere leiinga i Klima- og skoginitiativet og politisk leiing ved behov.
- Ha dialog med aktørar i landa om gjennomføring av klima- og skoginnsatsen, dette omfattar andre gjevarar, multilaterale organisasjonar, sivilsamfunnsorganisasjonar og privat næringsliv.
- Følgje opp samarbeidet med Tyskland i Colombia og Ecuador (REM-samarbeidet).
- Handtere saker som gjeld Colombia, Peru og Ecuador opp mot politisk leiing i KLD, kva gjeld avgjerder, besøk, talepunkt, presseførespurnader m.m.
- Delta i søknadsbehandling og forvaltning av tilskot i landa, inkludert å følgje opp ulike fondsmekanismar.
- Følgje opp spesialutsendingar for klima og skog i Bogota og Lima.
- Sørge for god samordning med Norad, ambassadane, Utanriksdepartementet og evt. andre departement ved behov.
Reiseaktivitet kan etter kvart bli aktuelt i stillinga.
Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
Nødvendige:
- Høgare utdanning minimum mastergrad innan samfunns-, samfunnsøkonomiske eller miljøfag, med gode resultat.
- Minst 5 års relevant arbeidserfaring.
- Kunnskap om politikk, økonomi og kultur i Latin-Amerika, fortrinnsvis Colombia og Peru.
- Kjennskap til Noregs klima- og skoginitiativ og dessutan god innsikt i internasjonalt klima- og miljøsamarbeid, inkludert REDD+.
- Krav om forståing for klima- og miljøfaglige problemstillingar.
- Må ha god forståing for norsk offentleg forvaltning.
- Gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk, spansk og engelsk.
Ønskelige med erfaring/kjennskap frå:
- Norsk miljø-, eller utanriksforvaltning, utanriksteneste og/eller utviklingssamarbeid.
- Arbeid med etablering og oppfølging av strategiske utviklings- og utanrikspolitiske satsingar.
- Privat næringsliv og arbeidet dets når det gjeld berekraft og reduksjon i avskoging.
For å lukkast i stillinga må du:
- Være motivert, se løysningar og ta ansvar for å handsame større prosessar og arbeidsstraumar.
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Ha stor arbeidskapasitet og takle tidspress.
- Ha evne til raskt å setje deg inn i komplekse problemstillingar, samtidig som kvaliteten haldast oppe.
Kvifor skal du jobbe hos oss:
- Du kan delta i Noregs viktigaste internasjonale klimatiltak.
- Du får ein unik mogleghet til å bidra med faglege råd for politisk leiing.
- Vi har eit felleskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
- Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmolegheiter.
Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tar i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere persona med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.
Lønn:
Årslønn fra kr 583 900 - 723 200 (lønntrinn 65 - 76).
Avhengig av kvalifikasjonane dine og kor mange år med relevant arbeidserfaring vil du plasserast som rådgjevar eller seniorrådgjevar, jf. personal- og lønnspolitikken i departementet. Som ein hovudregel blir det kravd fem års relevant arbeidserfaring for å bli plassert som seniorrådgjevar.
Er dette stillinga for deg? Les følgjanda:
- Vi ber om at du laster opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Personalopplysningane dine vil bli tatt vare på i samsvar med GDPR.
- Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å vere unnateken frå søkarlista.
- Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- livserfaring blir oppmoda til å søke.
For nærare opplysningar om stillinga kontakt: spesialrådgjevar Per Fredrik Ilsaas Pharo, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller seniorrådgjevar Elise Christensen tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon
Se annonsen og søk på stillingen