Ledig helgestillingar ved Vetleflaten Omsorgssenter
Me har ledige fast- og vikar helgestillingar, inntil 20%, for assistentar med arbeid både 2. kvar og 3. kvar helg.
Om arbeidsstaden
Område Aust er lokalisert på Vetleflaten omsorgssenter. Tillitsmodellen ligg til grunn for vår arbeidsmodell. Vetleflaten ligg ved Voss sentrum, det er gode buss og tog forbindelsar.
Arbeidsoppgåver
Vetleflaten omsorgssenter har 64 institusjonsplassar fordelt på 2.etasjar.
Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar og praktiske oppgåver som matlaging og praktisk arbeid. All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentret omsorg er viktig metodikk. Turnus med arbeid 16-23 helger pr år (13-21% stilling)
Me søkjer
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar og ufaglærte som har eit ynskje om å arbeida med dette faget. Me ynskjer deg med gode norskkunnskapar, som er trygg i rolla og ynskjer å gjera ein forskjell.
Me vil ha deg som kan ivareta brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet. Du bør ha god arbeidskapasitet, vera nytenkjande og løysingsorientert. Du må vere fleksibel i høve arbeid på tvers av avdelingar.
Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner.
Det er krav om politiattest ved tilsetjing.
Våre verdiar: påliteleg, inkluderande, profesjonell, skapande
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Adresse: Vetleflaten omsorgssenter