Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. På helsesenteret vårt er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc.
Det samla fagmiljøet består av to kommunelegar, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, psykiatrisk hjelpepleiar, 2 fysioterapeutar, ergoterapeut og avdelingsleiar. Kommunens tenestekontor samt tannlegekontoret held til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta, i form av interkommunale samarbeid. Frivillighetsentralen er og organisert under avdelingsleiar helse.
Sektor for helse og omsorg søker tilkallingsvikar til Fyresdal legekontor frå snarast.
Vi ynskjer deg som er serviceinnstilt, empatisk og initiativrik. Som sjukepleiar har du fokus på kvalitet, nøyaktigheit og likar å arbeide i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Du må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.
Vi treng deg som kan betene alle typar pasientførespurnader i ekspedisjonen. I tillegg er det kontorarbeid som telefon, post, journalføring/skrivearbeid og scanning osv.
Arbeidet vil også bestå i pasienthandtering på laboratoriet og akuttrom, inkludera prøvetaking, prøveanalysering samt å assistere lege.
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar
Arbeidsoppgåver:
- Sentralbord
- Resepsjonsarbeid
- Laboratoriearbeid
- Prøvetaking
- Analysere interne prøver
- EKG
- Spirometri
- Sårskift
Vi søker deg som:
- Er imøtekomande ovanfor pasientar
- Har gode samarbeidsevner
- Har god evne til å jobbe sjølvstendig
- Er ansvarsfull og stabil
- Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
- Har stor arbeidskapasitet
- Bidreg til godt arbeidsmiljø
- Likar utfordringar
- Beherskar norsk både skriftleg og munnleg
- Har gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr:
Faglege utfordringar i et godt arbeidsmiljø med gode kollegar
Tilsettingsvilkår:
Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest.
Velkomen som søkar!
Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Ved intern tilsetting kan andre stillingar på avdelinga bli ledige.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.
Logg inn for å se kontaktinformasjon