Er du statsautorisert regnskapsfører eller erfaren rekneskapskonsulent og ynsker god balanse mellom jobb og fritid i Hardanger?
Hardanger Økonomiservice ser etter ein rekneskapsførar i 80-100% stilling som kan arbeida sjølvstendig med tildelt kundeportefølgje. Du må like travle og til tider hektiske periodar, men til gjengjeld får du trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Me ynskjer deg som er initiativrik, har gode samarbeidsevner og er løysningsorientert.
Tilsetjing frå 1. juni, gjerne før om mogleg.
Hovudoppgåver
- Ansvar for eigen kundeportefølgje av små og mellomstore kundar
- Bokføring, avstemming og dokumentasjon av rekneskap
- Rapportering, budsjett, prognose, likviditet osv.
- Avslutning av perioderekneskap og årsavslutning
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Statsautorisert rekneskapsførar eller rekneskapsmedarbeidar med erfaring
- Erfaring frå bokføring og rekneskapskontor
- Har erfaring med digitalisering og automatisering av prosessar
- God forståing og interesse for IT
- Har gode kommunikasjonsevner og er ein god relasjonsbyggjar
- Er selvstendig og fremtidsrettet, som handler på eget initiativ og får ting til å skje
- Trives med å jobbe med kundar, er serviceinnstilt og håndterer endringer
- Kjennskap til UniMicro er ein fordel
- Behersker norsk , skriftleg og muntleg
Me tilbyr deg
- Konkurransedyktige vilkår
- Ein spennande og variert arbeidsdag
- Godt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling gjennom eksterne kurs og godt fagleg miljø internt
- Stor grad av fleksibilitet under ansvar
- Minimalt med overtid
Arbeidstad kan vere på eit av våre kontor i Eidfjord, Kinsarvik eller Granvin.
Moglegheit for delvis heimekontor.
Søknad sendes via søksnadskjema i annonsa.
Du kan og ta kontakt med Ragnar Sæbø på 411 27 027 for ein uforpliktande og konfidensiell prat om stillinga.
Søknadar vil verta fortløpande vurdert.
Me ser fram til å motta din søknad!
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne sida.
Adresse: 5736 GRANVIN
Logg inn for å se kontaktinformasjon