<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Trivst du med å hjelpe og jobbe tett med brukarane og har kjennskap til ITIL som rammeverk? IDI - IKT Tenestelev. Region Bergen/sør/vest/Sunnhordland, Vestland fylkeskommune

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

I rolla som IKT-konsulent har du ansvar for å gje IKT-støtte og drifte IKT på skulen, tannklinikk og trafikkstasjon i nærleiken.

Samstundes har vi eit behov for ein som brenn for ITIL. Vi ser etter ein som i tillegg til å være IKT konsulent kan fylle rollen som Problem Manager i vår etablering av ITIL prosesser i organisasjonen.  Arbeidsstaden vil vere på Stord vidaregåande skule.

Arbeidsoppgåver

I rolla som IKT-Konsulent med base på Stord vidaregåande skule vil du bidra til at lærarane og elevane vært fornøgd og får utnytta potensialet i teknologien til klasseromma og møteromma. Du har ansvar for IKT-utstyret på Stord vgs, trafikkstasjonar og tannklinikkar i nærleiken. Du vil få rettleiing frå andre IKT-Konsulentar med lang erfaring frå fylkeskommunen. Samtidig vil du ha store moglegheiter og friheit til fagleg utvikling. 

Likar du å sjå at andre meistrar og lykkast, så vil du få moglegheit til dette som instruktør og/eller fagleg leiar for lærlingar i regionen. Du vil ha ansvar for at lærlingane når læremåla i læreplanen for IKT fag og fungerer som ein mentor for desse. 

I jobben må du forvente noko reise, og det vil vere naudsynt med bil og førarkort.

Er du ein som har pågangsmot, liker høgt tempo og er nysgjerrig er du akkurat den vi ser etter. 

Har du i tillegg erfaring frå IT Service Management som dekker oppretting, implementering, levering og styring av større hendelses- og/eller problemhåndteringsprosesser? Ja da er du kanskje den rette for oss. 

Arbeidsoppgåvar i Problem manager rollen:

  • Ha oversikt over moglege problemsaker som blir meldt inn i service management systemet og prioritere desse.
  • Kalle inn relevante ressursar frå IKT eller utanfor IKT for å diagnostisere om det er eit problem, kven som har ansvar for problema vidare, samt lage ei framdriftsplan.
  • Ha oversikt over problem saka si utvikling og framdrifta i løysingsprosessen. Deretter skal problem manager i samarbeid med involverte ressursar avgjere om problemet krev vidare innsats eller kan avsluttast.
  • Lage artikkel med skildring av workaround eller løysing.
  • Regelmessig revidere problem prosessen.
  • Deltakar i Team ITIL

Kven er du og dine kvalifikasjonar? 

Den som vert tilsett må ha:

  • Minimum fagbrev i IKT-fag med ønskje om høgare utdanning
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå oppfølging av eksterne leverandørar
  • Ønskje om erfaring frå oppfølging av lærlingar
  • Ønskje om sertifisering innanfor ITIL

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit
  • Positiv innstilling og flink i dialogen med menneske
  • Gode samarbeidseigenskapar og ønske om å understøtte ein delingskultur
  • Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
  • Vilje til kontinuerleg fagleg oppdatering og fornying

Kvifor søke jobb hos oss?

Dersom du byrjar å jobbe hjå oss kan vi love deg varierte arbeidsdagar med meiningsfulle arbeidsoppgåver. Du vil få gode moglegheiter for fagleg påverknad og  personleg utvikling i
eit sterkt, tverrfagleg miljø. Arbeidsmiljøet vårt er uformelt, og vi er opptekne av å støtte og hjelpe
kvarandre med det faglege.

I fylkeskommunen har vi gode pensjons- og forsikringsordningar.  Løna er i samsvar med gjeldande
avtalar i Vestland fylkeskommune. 

Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Seksjonen består av fire faggrupper, og dennestillinga ligg i faggruppa tenesteleveranse. Tenesteleveranse har ansvar for alt utstyr som møter brukaren.Arbeidsplassen til IKT-konsulentane er ute på ein lokasjon. Faggruppa er også den største faggruppa iseksjonen med ca. 45 IKT-konsulentar. Totalt på seksjonen er det ca. 80 medarbeidarar og 40 lærlingar. 

I tillegg til faggruppene i seksjonen har vi også fagteam. Fagteama er spesialist team med medlemmar frå
fleire av faggruppene for tverrfagleg samarbeid og utvikling.

Har du spørsmål om stillinga er du hjarteleg velkommen til å kontakte Magne Nilsen. Sjå kontaktinformasjon.

 

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. 

Stillingsnemning IKT-konsulent/spesialkonsulent/ingeniør etter kvalifikasjonar og erfaring.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader samt eit krav om politiattest ved
tilsetting, jamfør opplæringslova § 10-9, 1, og 2.ledd.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntakfrå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Les meir her om jobb og karriere i Vestland fylkeskommune: 

Kontaktinformasjon

Magne Nilsen, leiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Saghaugen 3

5406 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.03.2025


Adresse: Saghaugen 3, 5411 STORD
Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Les mer om IDI - IKT Tenestelev. Region Bergen/sør/vest/Sunnhordland, Vestland fylkeskommune

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker renholdere til deltid og heltid! Er du nøye, pålitelig og liker å holde det rent og ryddig? Vi
28.05.2025 Oslo
Kan du formidle gode historier i digitale kanaler? Har du noen års erfaring som kommunikasjonsrådgiver, er opptatt av smart kommunikasjon
15.06.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
30.05.2025 Oslo
I Norge har det aldri vært satset mer på jernbane enn nå, og dette er et samfunnsansvar som vi i
10.06.2025 Drammen
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål - å sette spor vi er stolte av, som kan
22.06.2025 Flere steder
Om avdelingen Energi har i dag ca,150 engasjerte ansatte, og søker nå etter seksjonsleder til kraftsystem og utredinger for energiforsyning
30.05.2025 Oslo
Vis alle 38.894 ledige stillinger

Fakta om IDI - IKT Tenestelev. Region Bergen/sør/vest/Sunnhordland, Vestland fylkeskommune