Politioverbetjent - Hordaland politidistrikt - Hardanger lensmannsdistrikt
Ved Hordaland politidistrikt, for tida Hardanger lensmannsdistrikt er det ledig stilling som politioverbetjent SKO 1456 LTR 63 - 68. Politioverbetjenten er seksjonsleiar for politiseksjonen og straffesaksansvarleg.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna tilsetjing på prøve dei første 6 månadane. Det er krav om plettfri vandel, og vandel vil bli undersøkt. Søkjarane må kunne skrive både bokmål og nynorsk.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje. Søkjarar må kunne oppgje om dei har god helse og eventuelt leggje fram helseattest på førespurnad.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og må ta med stadfesta attestar og vitnemål. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølvom søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver- Straffesaksansvarleg
- Personal- og budsjettansvar
- Leie, prioritere og fordele straffesaksarbeidet og øvrige politigjeremål slik at lensmannsdistriktet når sine resultatmål
- Sørge for at politi- og straffesaksarbeidet skjer i samsvar med gjeldande lover regelverk og instruksar
- Samarbeide med eksterne etatar/institusjonar innan eige ansvarområde
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar- Eksamen frå Politiskule/politihøgskule
- Leiarutdanning og / eller leiarerfaring
- Utdanning og erfaring innan etterforskingsarbeid/ leiing
- Erfaring og god innsikt i politifaglege gjeremål
- Kjennskap til relevante planleggings- og styringsverktøy
- Generelt gode datakunnskapar og relevant dataverktøy for politiet
- God munnleg og skriftleg framføring
- Kunnskap om HMS-arbeid vil bli vektlagt
- Kunnskap om politidistriktets målstruktur og prioriteringar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar- Gode leiareigenskapar og evne til å tenke heilskapleg
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere sine medarbeidarar
- Skape trivsel og arbeidsglede
- Evne til å utøve god personalomsorg
- Kreativ med evne til analytiske løysingar
- Fleksibel med evne til å tenkje heilheit
Andre opplysningar- Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
Arbeidssted:Odda, 5750 Odda
Kontaktinfo:Terje Kvalvik, Driftseiningsleiar, 95023580
Spørsmål om elektronisk søknad cv, Personalseksjonen, 55556300
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Politiet, Hordaland politidistrikt
Ref. nr.: 201404310
Stillingsbrøk: 100%
Fast stilling
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]