<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Seniorrådgivar (Ref.nr. 201601378) Statens Barnehus Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Seniorrådgivar- Vest politidistrikt - Statens Barnehus Bergen

Statens Barnehus Bergen skal utvide med nye stillingar, og i den forbindelse er det ledig ei fast stilling og eit vikariat som seniorrådgivar SKO 1364 ltr. 66-71. Vi ber om at søknad merkast med om ein ynskjar å søke på fast stilling og/eller vikariat. Statens Barnehus ønsker eit team som er satt saman av komplementære fagstillinger som barnevernpedagog, psykolog, sosionom og vernepleiar. Samansetnaden av teamet er av betyding ved tilsetjing.

For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna tilsetjing på prøve dei første 6 månadene. Søkjarane må kunne skrive både nynorsk og bokmål. Det er krav om plettfri vandel.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda til å søkje.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og må ta med stadfesta attestar og vitnemål. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.

Vi ber om elektronisk søknad med referansar via lenka.

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta intensjonen om å setje barnet i sentrum i alle fasar av saka
  • Tilrettelegge både før, under, og i etterkant av tilrettelagte avhør og/eller medisinske undersøkingar
  • Fungere som kontaktperson for barn og deira føresette
  • Kartlegge behandlingsbehov og sørge for oppfølging/terapi for traumatiserte barn
  • Konsultasjon og rådgiving for privatpersonar og/eller offentlege instansar som jobbar med personar i målgruppa
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid med relevante instansar
  • Kompetanseutvikling, undervising og rådgiving overfor eksterne etatar
  • Bidra til fagleg utvikling innan feltet
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar
  • Minimum 3-årig helse-/sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar eller anna relevant utdanning frå universitet/høgskole
  • Vidareutdanning eller klinisk godkjenning innan traumefeltet, barnevern, psykisk helsearbeid, veiledning, familieterapi eller lignande
  • Minst 5 års arbeidserfaring frå minst eitt av fagfelta barne- og ungdomspsykiatri, helseinstitusjon, barnevern, familievern eller forebyggjande helsearbeid blant barn og unge
  • Erfaring frå å jobbe innan tverrfagleg og/eller tverrkulturelt arbeid blir vektlagt
  • Erfaring med målgruppa barn og/eller utviklinghemma i sårbare situasjonar blir vektlagtt
  • Den som blir tilsett må ha god norsk skriftleg og munnleg framføring. Andre språkferdigheiter er ein fordel

Utdanningsretning
  • Medisin/helse/sosialfag

Utdanningsnivå
  • Høgskule / Universitet

Personlege eigenskapar
  • Modig, viser respekt, er tett på og tenker heilskapleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
  • Gode evner til å kommunisere med barn og deira omsorgspersonar
  • Strukturert, målretta, fleksibel og etterrettleg med gode samarbeidsevner
  • Evne og vilje til å bidra til fagutvikling innan feltet
  • Evne til å takle belastande inntrykk og arbeid under press
  • Det vil bli vektlagt om ein er personleg skikka til arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr
  • Interessant, variert og meiningsfylt arbeid i eit kompekst fagfelt.
  • Avtalefesta pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse- ein av landet sine beste pensjonsordningar. Til frådrag i lønna kjem 2% innskot til pensjonskassen.
  • Vest Politidistrikt er ei IA-bedrift og er tilknytta ei moderne bedriftshelseteneste


Arbeidssted:
Allehelgens gate 4, 5804 Bergen

Kontaktinfo:
Eirin Baugstø, seniorrådgivar, (+47) 55556900
Spørsmål om elektronisk søknad/CV, Seksjon for personal- og økonomiforvaltning, 55556300

Nøkkelinformasjon:
Annonsør: Politiet, Vest politidistrikt
Ref. nr.: 201601378
Stillingsbrøk: 100%
Fast stilling
Tal på stillingar: 2
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]



Adresse: 5804 BERGEN


Om arbeidsgiveren
Statens Barnehus Bergen er eit tverretatleg kompetansehus for barn og vaksne utviklingshemma der ein har mistanke om seksuelle overgrep, vald eller vald i nære relasjonar. Barnehuset er eit regionalt tilbod i Hordaland og Sogn & Fjordane (Vest Politidistrikt). Blant Barnehuset sine fremste oppgåver er det å minske totalbelastninga for barn og vaksne utviklingshemma som skal fylgast opp i samband med mistanke om overgrep. Dette skjer ved at sentrale aktørar i den enkelte sak jobbar tettare saman i eit heilskapleg perspektiv, der barnet sitt beste er hovudfokus. Hos oss arbeider politi, barnevern og helsepersonell saman under same tak i barnetilpassa lokaler i Bergen sentrum. Bergen var det fyrste Barnehus i Noreg og starta opp hausten 2007. Barnehuset er ein del av Vest politidistrikt og vi er snart 10 tilsette med utfyllende kompetanse. Det er etablert 10 Barnehus i Noreg.

For meir informasjon sjåwww.statensbarnehus.no
Les mer om Statens Barnehus Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Student, Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%

Se flere annonser

  Rådgivende ingeniør, prosjektleder eller byggeleder? - Kongsberg Vestfold - Region Sør-Øst - Larvik, Tønsberg Østfold og Follo – Region
01.05.2026 Hele Norge
Om oss Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker oss kollegaer med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring
16.05.2025 Oslo
Har du lyst på en deltidsjobb i en trivelig butikk med mange faste kunder? EXTRA Vestby senter ser nå etter en ny
15.05.2025 Vestby
Er du klar for å bidra til bærekraftige løsninger i et inkluderende og innovativt team? #TeamGK
01.06.2025 Haugesund
Vil du bli en del av signalteamet ved Bane NOR Jernbaneskolen?  Bane NOR Jernbaneskolen søker ny fagressurs innenfor signalfaget. Vi
20.05.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
13.05.2025 Flere steder
Bane NOR eier og drifter nasjonal kritisk infrastruktur og er med på å ta Norge inn i en mer bærekraftig
02.06.2025 Flere steder
Bane NOR eier og drifter nasjonal kritisk infrastruktur og er med på å ta Norge inn i en mer bærekraftig
02.06.2025 Flere steder
Vis alle 35.684 ledige stillinger

Fakta om Statens Barnehus Bergen