Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Bedriftshelse1 har ledig 80% fast stilling som bedriftsfysioterapeut i Odda og 60-80 % fast stilling som yrkeshygienikar i Norheimsund. Stillingane inngår i våre tverrfaglege avdelingar, og du skal gje BHT-bistand i samsvar med relevant lov- og regelverk, med fokus på førebyggjande HMS-arbeid.
Arbeidsområde: Bedriftsfysioterapeut er i hovudsak knytt til kontoret i Odda, men noko bistand ved dei andre kontora i regionen må påreknast. Yrkeshygienikar er hovudsakleg knytt til kontoret i Norheimsund, men noko bistand i regionen må påreknast.
Arbeidsoppgåver: Begge stillingane inneber: - Undervisning, kontaktansvar og oppfølging av kundar. - Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver - Bistand til gjennomføring av kartleggingar, rådgjeving og helseovervaking.
Yrkeshygienikar: - Kartlegge ulike kjemiske-, fysiske- og biologiske faktorar i arbeidsmiljøet - Bistand innan HMS-system og ulike risikovurderingar.
Erfaring frå bedriftshelseteneste vil vere ein fordel. Personlege eigenskapar blir vektlagt: - Gode samarbeids - og kommunikasjonsevne - Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik - Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø - Lyst og evne til å undervise - God munnleg og skriftleg framstillingsevne - Fleksibel
Må ha: Førarkort og bil til disposisjon, ein del reiseaktivitet må påreknast kvar veke. Vi kan tilby: - Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver - Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø - Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling - Lønn og andre vilkår etter avtale Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til post@bedriftshelse1.no. Spørsmål om stillingane kan rettast til avdelingsleiar i Voss/Hardanger, Vegard Kolve 474 68 682 eller dagleg leiar Randi Marie Sjøholt 952 35 874. Søknadsfrist: 20. mai 2017
Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Bedriftshelse1 er offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre. Hovudkontoret ligg i Sogndal. Du finn meir informasjon på våre nettsider www.bedriftshelse1.no
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.