<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Politibetjent 1 ved Krimvakta/Etterforskerseksjonen (Ref. nr.: 2017-10850) Kristiansund politistasjon

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Møre og Romsdal politidistrikt har ledig stilling ved Krimvakta/Etterforskerseksjonen ved Kristiansund politistasjon. Vi søkjer deg som har interesse for fagområdet. Det kan i tillegg bli ledige vikariat ved seksjonen, og det kan bli aktuelt med fleire tilsettingar etter sommarferien.

Kristiansund politistasjon høyrer i dag til driftseining Ytre Nordmøre, som består av Kristiansund politistasjon, Averøy lensmannskontor og Gjemnes og Eide lensmannskontor. Distriktet er i ei omorganiseringsfase og i dei geografiske driftseiningane vil det verte endringar.

Politidistriktet er i endring og det kan difor bli endringar i arbeidsoppgåver og arbeidsstad.

Den som vert tilsett må rette seg etter instruks og avtaler som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

Stillinga må søkast på elektronisk. Kopi av attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Søknadsvedlegg blir ikkje sende i retur.

Arbeidsoppgåver

  • Publikumsmottak/Krimvakt
  • Politiarbeid på staden
  • Etterforsking
  • Turnus ved Ordensseksjonen kvar fjerde helg
  • Kan påleggast andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar
  • Eksamen frå Politi(høg)skolen
  • Operativ godkjenning kategori 4
  • God skriftleg og munnleg uttrykksevne
  • God innsikt i politifaglege spørsmål og kjennskap til politi- og lensmannsetatens gjeremål
  • God kjennskap til politiets dataverktøy

Utdanningsnivå
  • politiskule/politihøgskule

Personlege eigenskapar
  • God samarbeidsevne
  • Gode haldningar, fleksibel og serviceinnstilt.
  • Engasjement og interesse for fagområdet
  • Løysingsorientert
  • God samarbeidsevne og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Sjølvstendig, strukturert og god gjennomføringsevne

Språk
  • Engelsk
  • Norsk

Vi tilbyr
  • Fast stilling som politibetjent 1 i stillingskode 1457 og lønsramme 41
  • Løn frå 358 200 til 425 000 kroner brutto per år
  • Lønnsplassering avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
  • Det trekkast to prosent av løn til Statens pensjonskasse
  • Tilsetjing skjer på vilkår satt i Lov om statens tenestemenn og personalreglement for politidistrikta
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar


Arbeidssted:
Storgata 43, 6508 Kristiansund N

Kontaktinfo:
Bjørn Fiske, driftseiningsleiar / politistasjonssjef, (+47) 920 54 011 / 715 89 000

Nøkkelinformasjon:
Annonsør: Politiet, Møre og Romsdal politidistrikt
Ref. nr.: 2017-10850
Stillingsbrøk: 100%
Fast stilling
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]



Adresse: 6508 KRISTIANSUND N


Om arbeidsgiveren
Møre og Romsdal politidistrikt vart oppretta 1. januar 2016 og politimeisteren er lokalisert i Ålesund. Det nye distriktet er samansett av Sunnmøre politidistrikt og Nordmøre og Romsdal politidistrikt, samt Vanylven lensmannsdistrikt som blir overført til distriktet i 2017. Einingane er førebels organisert som tidlegare og eit prosjekt «Etablering Møre og Romsdal politidistrikt» er oppretta. Det verte endringar i organisering og struktur etter kvart som det nye distriktet tek form. Møre og Romsdal politidistrikt får om lag 515 medarbeidarar og yter polititeneste til ca 263 000 innbyggjarar.

I distriktet er det i dag tre politistasjonar, Kristiansund, Molde og Ålesund. I tillegg er det over 20 lensmannskontor, Statens Barnehus i Ålesund, lokale PST einingar og fleire funksjonelle driftseiningar, slik som Fellesoperativ eining (to operasjonssentralar), Administrativ eining, Retts- og påtale eining og Felles forvaltningseining. Distriktet er opplæringseining for studentar ved Politihøgskulen og har i dag ca 45 studentar i praksis ute i distriktet.

Møre og Romsdal politidistrikt skal som statleg arbeidsgjevar utnytte breidda i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, bakgrunn, alder, kjønn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Til leiarstillingar oppmodar vi særskilt kvinner om å søkje.

Våre medarbeidarar skal kjenneteiknast av kjerneverdiane i politiets medarbeidarplattform: ved å være modig, heilskapsorientert, tett på og syne respekt.

Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, noverande stilling og bustadkommune. Det kan gjerast unntak for innsyn om ein søkjar ber om det. Dersom førespurnaden ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Det er krav om plettfri vandel for alle tilsette i politiet. Før tilsetting må ein legge fram utvida og uttømande politiattest, jf politiregisterlova § 41 og politilova § 18.
Les mer om Kristiansund politistasjon

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Jus

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Student
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%

Se flere annonser

Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker renholdere til deltid og heltid! Er du nøye, pålitelig og liker å holde det rent og ryddig? Vi
28.05.2025 Oslo
Kan du formidle gode historier i digitale kanaler? Har du noen års erfaring som kommunikasjonsrådgiver, er opptatt av smart kommunikasjon
15.06.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
30.05.2025 Oslo
I Norge har det aldri vært satset mer på jernbane enn nå, og dette er et samfunnsansvar som vi i
10.06.2025 Drammen
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål - å sette spor vi er stolte av, som kan
22.06.2025 Flere steder
Om avdelingen Energi har i dag ca,150 engasjerte ansatte, og søker nå etter seksjonsleder til kraftsystem og utredinger for energiforsyning
30.05.2025 Oslo
Vis alle 38.894 ledige stillinger

Fakta om Kristiansund politistasjon